Sørnett

24 nasjonaliteter og "Potluck dinner"

Kaleen Woods og Skye Forsgren representerar en av dei 24 nasjonalitetane

Kaleen Woods og Skye Forsgren representerar en av dei 24 nasjonalitetane

24 nasjonalitetar fordelt på ulike stands i to dager, ein spleisemiddag og ulike åpne møter er noko av det som skjer under internasjonal veke i Kristiansand.

Publisert:

Denne uka er den såkalla internasjonale veka i Kristiansand. Dette er eit samarbeid mellom Kristiansand kommune, FN- sambandet og UIA.

Skye Forsgren og Kaleen Woods er to studenter som er på utveksling frå Oregan State University. Dei meiner desse dagane er bra og styrkar samhaldet.

-  Det er bra med internasjonale uke. Eg har fått mange av dei vennane som eg har her i Noreg gjennom at det har vore folk herifra, som har vore på utveksling ved Oregan State University, seier Skye og Kaleen

Store forventninger

Clare Jortveit som har ansvar for internasjonale studenter ved UIA har hatt store forventninger til denne uka.

- Forventingane har vore store, men det har dessverre vore same oppmøte slik som det har vore alle år, Eg håper det blir mange som tek seg ein tur på middagen i kveld. Det er første året vi skal prøve ut å ha internasjonal musikk, noko som er ganske spennande,seier Jortveit.

Ho seier også at det som kanskje vil trekkje ein del  menneske er eit åpent møte om Corporate social responsibility, som er eit åpent møte med bedrifter og andre ulike aktørar i regi av FN sambandet. Møtet omhandler bedriftane sitt samfunnsansvar.

Potluck og 24 nasjonalitetar

[img4845_2LS]

I kveld er det duka for den årlige spleisefesten, eller  "Potluck dinner" som den blir kalla.  Studentane tek då med seg retter frå der dei høyrer heime, slik at alle kan smake på dei forskjellige tinga.

- Eg skal ta med meg "peanutbutter and jelly sandwich"  for det er typisk amerikansk, seier Skye Forsgren

Kaleen Woods som sitt ved sidan av henne har ikkje peilig på kva ho vil ta med

- Kanskje Chilli?, seier ho.

Thomas Pischek  og Josefine Heicking ved det tyske bordet skal også vere med på middagen, men Josefine er den einaste som skal ha med seg noko.

- Eg tenkte eg skulle ta med meg noko spesielt, tysk brød, seier Heicking.

Promotere utveksling

Dei internasjonale dagane ved UIA er stort sett for å promotere utveksling, men inngår i den internasjonale veka i Kristiansand.

Jortveit meiner det er ein bra måte å synleggjere at det går ann å reise ut for å studere.

- Det er ein fin måte å få prøvd nye ting og ein får då eit større perspektiv, seier Clare.

Se video fra internasjonal uke i vrimlehallen på UiA under.

[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=OSV5SPDy5XU[/youtube]