Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Potesokkane gir god varme til katten Milos
På den lille dyreklinikken på Lund i Kristiansand, er det potesokkar som sørgjer for at firbeinte pasientar som Milo held labbane varme under operasjonen. Ein liten detalj som kan utgjere ein stor forskjell.
Madeleine Hamn
Publisert: 08.05.2025 kl 14:42
- Vi brukar potesokkar for å forhindre varmetap. Når dyra er bedøvd, er ikkje varmereguleringa like god som hos ein vaken katt eller hund, seier dyrlege Jannicke Hjorth
Klinikken får inn sokkar i mange fargar og fasongar. Foto: Madeleine Hamn
Ho har saman med Siv Finstad har 50 års erfaring i yrket. Dei jobbar på «Den lille dyreklinikken» på Lund i Kristiansand. Potesokkane har dei fått av frivillige strikkarar.
- Fast inventar
Dyreklinikken starta opp for fem år sidan, og tek dagleg i mot små og store firbeinte pasientar. Når dyr skal leggast i narkose, har sokkane blitt eit fast invetar. Dermed kan slike små ullplagg, gjere ein stor forskjell.
Veterinærane Jannicke Hjort (f.h) og Siv Finstad (f.v) passar på at alt går bra med katten Milos Foto: Madeleine Hamn
- Små og store
- Dyra som blir opererte hos oss, får ein sokk til kvar labb. Nokon treng små, andre store. Det er akkurat som hos menneske, forklarar veterinæren. Vi dekkjer til og pakkar inn både for å gi tryggleik, og for minke risikoen for komplikasjonar.
Før potesokkar blei eit fenomen, måtte dyrlegane tenke kreativt, når dei skulle gi varme til dyra som dei opererte.
- Bobleplast
- Tidlegare måtte vi pakke inn potane i bobleplast. Strikka potesokkar er eit hyggelegare syn, når vi arbeider.
Hunden Molly tester ut potesokker, som nyleg har blitt levert på klinikken. Foto: Madeleine Hamn
Materialet som blir strikka i, kan også være problematisk:
- Viktig
-Med mistanke om smitte, må vi kaste sokkane. Årsaka til dette er at vi ikkje kan sterilisere ullplagg, som ein kan gjere med andre tekstilar som toler mei Vi er derfor avhengig av frivillige som strikkar til oss. Det er viktig for oss, og for dyra.
Det er mykje restegarn som går til sokkane. Foto: Madeleine Hamn
- Mykje glede
Ein av mange frivillige som leverer strikkeplagg til klinikken, er Eva Monsen Høiby. Ho har levert potesokkar til klinikken i snart 3 år.
- Det gir meg mykje glede, å strikke potesokkar. Seier ho.
Eva er ufør, og kjenner seg til nytte når ho får bidratt. Samtidig er det stas å få gode tilbakemeldingane frå dyrlegane på klinikken.
Ein av mange "potestrikkarar": Eva Monsen Høiby Foto: Madeleine Hamn
- Dei er veldig nøgde når eg kjem innom. Som oftast har eg samla opp ei lita bunke sokkar, som dei får av meg, smilar ho.
Nye potesokkar som snart er klare for leveringEva har to dvergschnauzarar: Ellie og Vita. Her tek seg ein blund, medan matmor strikkar.