Sørnett

- Forkastelig

Uskyldig: Arkivledar i Vest-Agder fylkeskommune, Sølvi T.Wikstøl.

Uskyldig: Arkivledar i Vest-Agder fylkeskommune, Sølvi T.Wikstøl.

Postjournalen til Vest-Agder Fylkeskommune har vore nede sidan 30.mars. Det får nyhetsredaktør i Farsund Avis, Svein Morten Havaas, til å reagere kraftig.

Publisert:

Havaas syntes det er veldig synd at postjournalen har vore nede så lenge. Han fortel at det har eindel å seie for dei som avis.

- Det er forkastelig at det har tatt eit halvt år. Dette er ei pålagt oppgåve som dei har, seiar han.

Dersom Farsunds avis vil ha tak i dokument, må dei ta bilen inn til Kristiansand for å få tak i det. Det har dei ikkje moglegheit til.

- Eg har bedt om å få tilsendt papirkopier på faks som alternativ, men det er visst ikkje mogleg, seier han.

Tek ingen skyld

Arkivledar i fylkeskommunen, Sølvi T. Wikstøl, meiner at dei ikkje har noko skyld i dette.

- Det skulle helst vert i orden i går, men det er vår leverandør Software innovation sin feil dette her, seier Wikstøl.

Skylda blir altså lagt på leverandøren, men fylkeskommunen har ikkje noko alternativ for dei som ynskjer å klikke seg inn på postjournalen. Ein må følge med på kva som skjer og henvende seg deretter.

- Dette kan kanskje virke som dårleg service frå vår side, men me har altså ingen mulighet til å få lagt ut noko i og med at det gamle systemet er gått ut på dato, seier arkivledaren.

Software Innovation legger seg flate.

- Det er riktig at det er ein feil frå vår side, og me jobbar med å få det i orden, seier Marte Aasheim Næss i Software Innovation.

Ho kan ikkje sei noko om når postjournalen vil vere på plass, men dei vil sette inn fleir ressursar for å få det til så fort som mogleg.

Lite merkbart

Etter eit halvt år utan ein offentleg journal skulle ein tru at det var fleir enn Farsunds avis som reagerar på dette, men det er det faktisk ikkje.

- Kva slags funksjon har eigentleg denne journalen dersom ingen brukar den, spør Wikstøl.

Jostein Ravnåsen som er avdelingsledar i nyhetsgruppa i Fædrelandsvennen, har ikkje tenkt noko over at postjournalen har vore nede.

- Grunnen til dette er at me får tilsendt ein del papirer frå fylkeskommunen og holder oss oppdatert sånn. Men me kan kanskje ta dette som eit signal om at me ikkje er tettast på fylkeskommunen da, seiar han.