Sørnett

Historisk meiningsmåling for Høgre

Norunn Tveiten Benestad er ei av to kvinner som kan representere Høgre på Stortinget til hausten. FOTO: Olin Maria Yri

Norunn Tveiten Benestad er ei av to kvinner som kan representere Høgre på Stortinget til hausten. FOTO: Olin Maria Yri

- Meiningsmålingar viser at veljarane har stor tillit til Høgre, både når det gjeld utdanning, helse og samferdselspolitikk, seier Norunn Tveiten Benestad.

Publisert:

I moderne tid har partiet Høgre aldri hatt større oppslutnad enn det partiet får på januarmålinga til Respons Analyse. Stortingsrepresentant frå Høgre i Vest-Agder, Norunn Tveiten Benestad vart overraska over den rekordhøge målinga.

- Vi har knapt drøymt om å sjå 40- talet på meiningsmålingane. Det er som Erna Solberg sa til oss på Felleskonferansen at det er nesten heilt uverkeleg

Det er framleis ei stund til valet, og forskjellen på enkeltståande meiningsmålingar og sjølve valet er stor.

- Vi må halde fokus, og gjere jobben vår kvar dag fram til valet i september for å sikre eit godt valresultat. Valet er langt i frå vunne i januar, først 10. september veit vi om vi har lukkast, seier Norunn Tveiten Benestad.


Best mogleg representert
I dag har Vest-Agder ein representant på Stortinget, men dersom valresultatet blir slik som meiningsmålingane viser, vil Høgre ta to av dei fem mandata frå fylket. Vest-Agder vil då bli representert av to kvinner, Ingunn Foss og Norunn Tveiten Benestad. For å få fram sakene er det viktig å vere representert best mogleg på Stortinget, meiner sistnemnde.

- Det er viktig for arbeidet i Stortinget og i komiteane å vere best mogleg representert. Dersom vi doblar talet på representantar frå Høgre i Vest-Agder, vil det gi oss eit flott utgangspunkt for arbeidet i den neste perioden. Det vil gi oss meir styrke til å løfte fram dei viktigaste sakene på Sørlandet, seier ho.[faktaboks]


Viktige saker
I Vest-Agder fokuserer Høgre mest på samferdsel og betre finansieringa til dei nye universiteta. Benestad fortel at andre parti er samde i at desse sakene treng fokus.

Spørsmålet om Aust og Vest-Agder bør bli eitt fylke er omstridt. Etter folkeavstemminga i Aust-Agder og tilbakemeldingane til kommunane som søkte overgang til Vest-Agder, er dette temaet sett på vent. Tveiten Benestad meiner Aust og Vest-Agder har mykje til felles, men sidan det ikkje er tema akkurat no, er eit godt samarbeid og å byggje tillit mellom fylka og kommunane i Agder det viktigaste foreløpig.

- Dersom dette skal bli eit tema igjen, må det bli ein større debatt om kommune-fylke eller regioninndelingar på landsbasis, seier ho.


Regjeringsskifte
Etter åtte år med raudgrøn regjering, viser målinga som Respons Analyse har gjort, at veljarane vil ha eit regjeringsskifte, meiner  Benestad. Ho trur veljarane vil ha nye løysingar på små og store utfordringar i samfunnet

- Veljarane har nok forventningar til fornying i Storting og regjering. Det undersøkingane i vinter viser er at veljarane har stor tillit til Høgre, både når det gjeld utdanning, helse og samferdselspolitikken, seier ho.


Fleire årsaker
Professor i Statsvitskap ved Universitetet i Agder, Dag Ingvar Jacobsen,meiner årsaka til Høgre sin store framgang er samansett.

- Høgre har vridd politikken sin, og er i dag eit meir attraktivt parti for veljarane. Erna Solberg ser ut til å ha ein brei appell, også blant dei yngste. Framstegspartiet har slite ein del med å profilere seg på sine klassiske saker, etter at Arbeidarpartiet har køyrt ein hard innvandrings- og asylpolitikk, som har vore FrP sitt sterkaste kort. Mange veljarar har dermed gått frå FrP til Høgre, seier han.

Professoren legg til at det siste året har vore uroleg for Arbeidarpartiet, med tanke på skuldingar om kameraderi og sex-overgrep.

-  AP og den sitjande regjeringa har ikkje kome spesielt godt ut av den grundige granskinga av 22. juli. Det siste året har ført til at mange veljarar er blitt usikre på om Arbeidarpartiet er det beste partiet til å administrere Noreg, avsluttar Dag Ingvar Jacobsen.