Sørnett

Kristiansand med høgast pris på månadskort i Norden

Siw Wiken, adm. dir. Agder Kollektivtrafikk. (Arkivfoto:Øystein Dypedal)

Siw Wiken, adm. dir. Agder Kollektivtrafikk. (Arkivfoto:Øystein Dypedal)

Ny undersøking viser at Kristiansand er den dyraste kollektivbyen i Norden for pendlarane. Eit månadskort koster flesk, og der andre byer set ned prisane, står Kristiansand fast.

Publisert:

Kristiansand er den dyraste byen i Noreg når det gjeld busspriser til pendlarane, i følgje ny undersøking frå Natur og Miljø. Månadskort og fleksikort er nokre av tilboda til Agder Kollektivtrafikk, utan at det gjer store utslag på undersøkingane.
I kategorien enkeltbillett kjem ikkje Kristiansand så verst ut, men det er pendlarane/månadskortbrukarane som får svi her.
I ein artikkel frå Naturvernforbundet kjem det fram at alle dei større norske byane har kutta i bussprisane, unntatt "Sørlandet sin hovudstad". Til samanlikning har Trondheim innført halvtårskort sidan 2008, og faste pendlarar sparer over 200 kroner i månaden på dette.
Siw Wiken, administrerende direktør i Agder Kollektivtrafikk, seier til Naturvernforbundet at enkeltbillettane er satt meir opp enn periodekortene, slik at dei faste kollektivbrukarane ikkje skal kome verst ut av auka.
Ho meiner dei har fulgt den generelle prisstigninga i landet.

Ei undersøking som Sørnett har gjort, viser at minsteprisen er 25 kroner for ein enkeltbillett. Om ein tar buss frå f.eks Spicheren/UiA og opp til Gimlekollen, må ein betale heile 35 kroner, grunna soneinndelinga.
Til forskjell frå andre storbyar har ikkje Kristiansand ein utprega studentrabatt, men deler heller inn i aldersklassar. Personar mellom 20 og 30 år må betale 500 kroner i månaden, student eller ikkje.

At Kristiansand kjem dårleg ut på undersøkinga er nok ikkje hyggeleg lesning for innbyggjarane, då fleire politiske parti har hylla kollektivsatsinga. Midt oppe i debatten om lyntog og sørlandsbana er dette ei sak som kan bli debattert etter kvart som tiltaka vert gjennomførte.