Sørnett

- Lærarstreik fører til dårlegare karakterar

Lærarstreiken i haust førte til ekstra lang sommarferie for elevar over heile landet. No er elevane stressa, og føler streiken går utover karakterane deira.

Publisert:

[youtube]http://youtu.be/H0vQyDOo8wk?list=UULpTUzhFPRYlebzmXq-I4hg[/youtube]

- Eg trur nok streiken kan ha gått litt utover kva eg skreiv no på prøva, seier Omar Smeland, elev ved Tangen Videregående skole.

Streiken ramma dei forskjellige skulane og linjene ulikt, men felles for alle var at mykje verdifull undervisning gjekk tapt. Nokre elevar fekk så mykje som fire veker ekstra sommarferie. No fryktar dei at det kan vise igjen på karakterane seinare.

Slitsom start

Lloyd Vimmel går i førsteklasse ved Studiespesialisering og fortel at det vart slitsomt då skulen plutseleg starta opp igjen:

- Det var mykje å ta igjen, både av pensum og i faget.

 Populær leksehjelp

Til tross for dette meiner både administrasjonen og elevrådet at det verkar som om elevane har henta seg inn igjen etter streiken. Sten Aunevik, avdelingsleiar for fellesfag, fortel at eit tiltak dei starta i haust har vore veldig populært blant elevane:

- Kvar tysdag og torsdag kan elevar sitte igjen etter skuletid og få hjelp i fellesfag av lærarar som er tilstades. Det har vore særskilt populært, og har hatt veldig stort oppmøte.

Dette er eit tilbod som vart starta i haust, og sjølv om Aunevik viser til godt oppmøte er det ikkje alle som tykkjer det er eit like godt tilbod:

- Det er etter ein heil skuledag og då er ein ofte sliten, uttalar Lise Sørensen som går i tredjeklasse ved Studiespesialisering.

- Lærarane burde på kurs

På grunn av streiken blei fem millionar kroner spart inn, noko som fylkeskommuna no skal fordele på samtlige vidaregåande skular i distriktet. Bendik Dalen er nestleiar i elevrådet ved Tangen videregående skole, og meiner ein kunne brukt litt av denne summen til å forbetre dagens ressursar:

- Vi ville nok satsa meir på læring og å fått betre lærarar. Eventuelt sende lærarar på kurs, viss det skulle vore noko som folk ikkje er fornøgde med.