Sørnett

Nektar for å ha valdteke pasientar

- Desse anklagene har legen teke tungt, seier forsvarar Ben Fegran.

Publisert:

Ifølge avokaten nektar familiemannen for å ha misbrukt stillinga si som lege, skriv Fædrelandsvennen.

Den 48 år gamle mannen er fråteken legelisensen, etter at Helsetilsynet konkluderte med at mannen hadde misbrukt to kvinner seksuelt og hatt uforsvarleg omgang med narkotiske legemiddel.

Neddopa

Legen er også tiltalt for å ha bytta medisin mot seksuelle tenester. To gonger skal han ha forgripe seg på kvinna i 20-åra på eit kvilerom i tilknytning til kontoret.

I tillegg har han seksuelt misbrukt ei kvinne i 30-åra ved å dope ho ned slik at ho ikkje kunne røre seg, men framleis var vaken og fekk med seg det som hende.

Seksuell fantasi

Legen på si side seier han trur pasienten hadde ein seksuell fantasi utløyst av legemiddelet. Dette blir avvist av Helsetilsynet, melder Fædrelandsvennen i dag.

Straffesaka mot 48-åringen starter 16. desember.