Sørnett

Barneskular i Kristiansand var klare for at snøen skulle komme

Bildet over er av skøyteparken i sentrum der barn og voksen kan komme og gå som dei vil. Foto: Nikolai Helgås

Bildet over er av skøyteparken i sentrum der barn og voksen kan komme og gå som dei vil. Foto: Nikolai Helgås

Mange fikk problem i løpet av helga da en halv meter med snø kom, mens barneskulane i Kristiansand har ingen problem med å få elevane ut i snøen å vere aktive

Publisert:

For mange barn er det mykje stas når den første snøen kjem enten om det er ut å stå på ski, ake eller lage snømann. Og akkurat no er det i alle fall ikkje noko mangel på snø etter at 50cm med snø lava ned i løpet av helga, og meir skal det bli. Sørnett har vore i kontakt med 10 skular i Kristiansandsområdet og funne ut kva opplegg dei har når snøen kom. Mange skular har enten laga til en ski og akedag der elevar tar med utstyr til det dei vil gjere i løpet av dagen. Fleire skular har også mulighet for at elevar kan leige eller låne utstyr som ski og skøyter.

Dei største skulane har ikkje ein fast dag for alle elevane siden det er vanskelig å kontrollere alle sammen, dei går heller trinnvis eller klassevis der lærerane planlegger. Mens dei mindre skulane har 1.-4.klasse og 5.-7.klasse.

Bruker aktivitetsdag til å bli kjent med framtidige skolekamerater

På Presteheia, Lovisenlund og Wilds Minne skole bruker dei aktivitetsdagen til 7.klasse som en mulighet for elevane til å bli kjent med kverandre før dei alle begynner på Ungdomsskule i lag.

Bruker gymtimane til å gå på skøyter

På Lovisenlund skole har mellomtrinnet brukt gymtimane sine til å stå på skøyter på skøytebana lokalisert på torvet i Kristiansand sentrum.