Sørnett

- Psykisk helse er noko vi ikkje snakkar om

ANGST: Mange unge har symptomar for angst og deprisjon. ILLUSTRASJONSFOTO: flickr.com/bo.per

ANGST: Mange unge har symptomar for angst og deprisjon. ILLUSTRASJONSFOTO: flickr.com/bo.per

Årets siste Nesten Helg går av stabelen i dag. Den vanlegaste psykiske lidinga hos barn, unge og vaksne skal bli tatt opp, nemleg angstliding.

Publisert:

25 prosent av befolkninga vil minst ein gong i løpet av livet oppleve angstliding. Likevel er det tabu å snakke om.

Lett å tenkje “ta deg saman”

[img27840_2RS]

- Psykisk helse generelt er noko vi ikkje snakkar om, seier Belinda Ekornås, psykolog og forskar ved Universitetet i Bergen. Ho skal i kveld presentere kva angst er under årets siste Nesten Helg på Kick Malt & Mat.

- Eg trur nokon har ei moralistisk haldning til psykisk liding. Dei tenkjer “ta deg saman” når nokon seier dei er redd for å ta buss eller er deprimerte, seier ho. Mykje handlar om forståing. Det kan vere vanskeleg å setje seg inn situasjonen og forstå kor lammande ein angstliding kan vere.

Kva er angstliding?

- Vi må skilje mellom frykt og angst, fortel Ekornås.

-  Frykt er når du blir redd for ein reeltrussel. Angst er når du blir redd for noko som kan komme til å skje. Til dømes å halde ein tale, og eller for å sei noko dumt i en sosial samanheng.

Ved angstliding får man ofte kroppslege reaksjonar, som at hjarte slår hardare og at man sveittar meir.
Det er to kriterier for at angsten skal vere ei liding. Det må for det første påverke funksjonen til den ramma i forhold til å gjere ting i kvardagen, i fritida, med venner eller på skulen. Den sjuke vil gjerne ikkje vere med på aktiviterer lenger. Det andre kriteriet er at angsten varer meir enn ein månad eller to.

Gutar og jenter er likt ramma

Belinda Ekornås har forska på born og angstliding i Barn i Bergen studien ved Uni Helse, RBUP Vest. Denne undersøkelsen har funnet ut at angstliding er den vanlegaste psykiske lidinga i småskulen. Tre prosent av borna har fått diagnose angstliding. 15 til 20 prosent av unge vil få periodar med symptom på angst og depresjon.
- Det som kom mest overraskande på folk i fagmiljøet var at det viste seg at talet på born med angstliding var jamt fordelt blant gutar og jenter i småskulen. Det har til no vore mykje fokus på dei stille jentene, seier Ekornås.


Redd for å sei ifrå

Kven som får behandling for psykiske lidingar, speglar ikkje lidingane blant born.
- Seks av ti med angstliding er ikkje i behandling, seier Ekornås.

- Eg trur det er fordi foreldra er redd for å ta kontakt med behandlingsapparatet.

Angstliding kan meldast til skulehelsesyster, eit lågterskeltilbod hos kommunepsykologen eller hos fastlegen for henvisning til behandling i psykisk helsevern for barn og unge.

Psykisk helse

-  Det er veldig vanlig i angstliding å oppretthalde vanskane ved å unngå det ein er redd, sier Ekornås.

- Mitt beste tips for å førebyggje psykiske liding, der i blant angst, er å vere sosialt aktiv sjølv om ein helst vil unngå slike aktivitetar. Å vere einsam og bli isolert viser seg nemleg å forsterke slike vanskar avsluttar ho.

Nesten helg er landets einaste sjukehus-talkshow.

Vert:
Overlege Anne-Lene Brattvåg.

Gjester:
Christian Gavigan – multikunstner,
Belinda Ekornås – psykolog og forsker ved Universitetet i Bergen,
Ingrid Lund – førsteamanuensis, Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder.

Innslag:
Evan Seleven – musikk,
Mulle – performance.

Nesten Helg onsdag 10. november kl. 1930 på KICK Malt & Mat.