Sørnett

Europas tøffaste?

Svein Erik Jansen skal bruke to månader på kjøre rullestolen sin frå Birkeland til Østerrike. Målet med turen er å sjå om nokon andre kan konkurrere om tittelen "Europas tøffaste".

Publisert:

I 2008 kom ideen om å "pimpe" den gamle, slitte rullestolen til Svein Erik Jansen. Den gongen var den ikkje mykje til å sjå på, men etter ei veke intensiv jobbing blei det på ny skin i lakken. Det var ikkje berre lakken som fekk gjennomgå, endringar i karosseriet blei også gjort. Jansen sjølv meiner dette er Noregs tøffaste rullestol, og til no har han ikkje møt nokon som kan motsei dette.

Fart
I 2008 kjørte Jansen rullestolen frå Birkeland til Oslo.

- Det er som om å gå, eigentleg, fortel han. - Ein tålmodsprøve.

I Noreg er det ulovleg for elektriske rullestolar å kjøre fortare enn 10 kilometer i timen. Derfor har ikkje Jansen ville gjere noko med motoren.
- Eg kan kjøre på hovudvegen, men ikkje på motorvegar, seier han. - Men eg prøver å kjøre på gang- og sykkelvegar der det er mogleg, då er eg litt mindre i vegen for bilistane.

Reisa

For å kjøre så langt som til Østerrike, krev det mykje planlegging.

- Eg kjører til det går tomt for straum. Då må eg stoppe og lade før eg kan dra vidare.

Rullestolen kan kjøre fire mil før den må lades.

- Eg vil bli transportert til nærmeste ladestasjon med ein spesialdesigna tilhengjar, for så å bli frakta tilbake til den plassen rullestolen gjekk tom for straum.

Turen til Østerrike startar 3. juli 2011, og gjerast for å promotere rullestolen og for å sjå om han finn noko liknande andre stader i Europa.

Fleire idear

I mellomtida har Jansen andre prosjekt han driv med.

- Eg skal prøve å fikse opp ein rullestol som eg kan bruke i terreng, fortel han.