Sørnett

Rusa butikktjuv

Hennes & Mauritz valde å ikkje melde den 27 år gamle kvinna til politiet.

Publisert:

Klokka 12.25 onsdag kom meldinga frå Securitas til politiet i Kristiansand. Politiet rykka ut til Sandens senter der ei kvinne hadde fått med seg varer av ein verdi på rundt 13.000 kroner.

Kristiansandskvinna er ein kjenning av politiet. Ho var sterkt rusa, opplyser politiet i Kristiansand.

Hennes & Mauritz fekk attende varene, og valde å ikkje melde forholda.