Sørnett

Kunsten til... Harald Furre (Episode 2)

I episode to av «Kunsten til…» møter vi ordføraren i Kristiansand kommune, Harald Furre. Han er ein av dei som stiller seg positiv til bygging av kunstsiloen – vi spør kva for ein kunst har Harald Furre på kontoret?

Publisert:

Det første ein møter når ein trør inn på ordføraren sitt kontor er kunst! Bildekunst, litografier og malerier pryder veggene på kontoret til ordføraren. På rådhuset i Kristiansand er det slik at SKMU stiller ut diverse kunst, så all kunsten på kontoret er ikkje Furre sin.  Furre har òg funne plass til sin eigenproduserte biletkunst.

Furre sitt forhold til kunst

Vi spurte Furre om kunst er viktig for han og kva for eit forhold han har til kunst.

- Kunst er viktig for meg fordi det gjer noko i kvardagen. Men eg er ikkje så utrolig fasinert av bildekunst at eg går på gallerier og ligger hovudet på skakke og faller heilt i stavar, overhode ikkje. Men eg meiner at det er viktig med kunst og eg synst det er fint å sjå på kunstverk av og til. Og det er ein del av eit fullstendig kulturliv som eg meiner vi har behov for.

På kontoret til Furre skil eit bilete seg ut frå komposisjonen av bileter på veggen. Biletet av Victoria Falls fortel ein stolt Furre at han sjølv har tatt.

- Her henger det eit foto som eg har tatt frå Afrika og det er eit bilete av Victoria falls som ligger mellom Zimbabwe og Zambia. Det er eit flott motiv og eg er ganske så nøgd med det fotoet må eg berre innrømma.

På spørsmål om kva for eit av bileta frå kontoret hans han ville stilt ut i kunstsiloen svarer Furre.

-Trur ikkje nokon av dei er heilt på nivå med det som skal være der, men det er klart at Nupen er kanskje den mest kjente og vil sånn sett være i den tidsperioden som skal være i kunstsiloen.

Høyre eit kulturparti?

Furre tar sterk avstand frå fordomane om at Høyre er eit parti som er meir opptatt av ‘fiffen’ sitt kulturtilbod kontra den vanlege mannen i gata.

- Høyre er eit kulturparti, men kultur er også idrett og dei breie delane av kulturlivet like mykje som det som kallas finkulturen. Men vi meiner at kultur er viktig i eit samfunn for å bære fram tradisjonar, gje opplevingar og som eit bidrag til reiseliv og næringsvirksomheter.

Sjå også episode 1 med Vidar Kleppe!