Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Publisert: 23.02.2019 kl 22:19
Du har sikkert fått med deg facebook-sida "Sørlandsnyhetene". Sida publiserer alternative nyheiter frå Kristiansand, og har blitt kjend for kritikken deira av kommunen og bystyret sin pengebruk.
Publisert: 15.02.2019 kl 13:53
Blir Harald Furre attvald, skal Arbeidarpartiet få sin første ordførar i Kristiansand sidan 1947 eller skal varaordførar Jørgen Kristiansen få ordførar-draumen sin oppfylt? Dette er spørsmåla når vi går inn i valkampen 2019.
Publisert: 08.02.2019 kl 15:57
Informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband er uroa over heising av regnbogeflagg i barnehagar i Kristiansand. Han meiner at flagget kan ekskludere familier som ikkje støttar den kjønnsnøytrale ekteskapslova.
Publisert: 08.02.2019 kl 15:43
I dag møttest det kristne nettverket "Sammen for byen" og organisasjonen FRI til dialog. Dei gir Sørnett mykje av æra for at kontakta vart oppretta.
Publisert: 08.02.2019 kl 09:51
Politiloggen for i natt inneheldt både blotting på Lund og tjuveri i Tordenskjolds gate.
Publisert: 06.02.2019 kl 15:20
Utdanningsdirektoratet nektar Akademiet Utdanning Norge å starte opp humanistisk grunnskule i Kristiansand. Bakgrunnen er at direktoratet har avdekka fleire brot på friskulelova under tilsyn ved skulane tilknytta utdannings-kjeda. Akademiet svarar med at dette har Kunnskapsdepartementet teke dei...
Publisert: 06.02.2019 kl 12:24
Dei kristne skulelaga i Kristiansand opplever ulik behandling frå rektorar. Laget etterlyser meir støtte frå skuleleiingane, medan kommunen vil begrense aktiviteten til laga.
Publisert: 06.02.2019 kl 09:01
Ei gruppe kristne forsamlingsleiarar seier at regnbogeflagget hindrar dei i å delta i markeringa av “En by for alle”. Kristiansand-ordførar Harald Furre har forståing for problemstillinga, men har ingen planar om å gjere endringar i 2020.
Publisert: 28.11.2018 kl 10:18
Førre onsdag vedtok Kristiansand bystyre at også elbilistar må betale bompengar i Kristiansand frå 1.1.2020. Bransjen trur likevel at det er så mange fordelar med elbil at salet berre vil fortsette å auke.
Publisert: 12.09.2018 kl 09:04
Pastor Rune Tobiassen fortel om stor vekst i forsamlingane i byen, og ynskjer meir merksemd rundt det han kallar ”den stille vekkinga” som skjer i Kristiansand.
Publisert: 12.09.2018 kl 08:44
På Frikstad bedehus utanfor Kristiansand har sju personar blitt frelst i løpet av nokre veker. Forsamlinga trur at dette er starten på ei vekking, og denne veka vert den sjette helga med vekkingsmøter.
Publisert: 01.07.2018 kl 23:03
1 prosent av innbyggjarane i Agder-fylka er medlem i Human-Etisk Forbund, medan over 70 prosent er medlem i Den Norske Kyrkje. Dei ikkje-religiøse fortel om hets i 17. Mai-toget, fysiske angrep og mobbing i skulen. Kristne leiarar fordømer dette og ynskjer meir dialog med Human-Etisk Forbund.
Publisert: 20.05.2018 kl 17:43
Vipers Kristiansand hadde sju mål å gå på då dei møtte Larvik i siste og avgjerande finale i Eliteserie-sluttspelet. Vipers slo Larvik HK 40-28, og vann dermed sin tredje tittel for sesongen. Sjå reaksjonar frå trenarar og spelarar under.
Publisert: 20.05.2018 kl 17:36
Kristiansand Vipers tok sitt tredje trofé for sesongen då dei slo Larvik Handballklubb 40-28 heime i Aquarama i Kristiansand.
Publisert: 14.05.2018 kl 10:11
Politiet melder på Twitter at ein bilist er målt til 137 km/t i 90 sona på E18 ved Sørlandsparken. Føraren er meld og førarkortet er beslaglagt.
Publisert: 09.05.2018 kl 15:14
Fleire politikarar i Kristiansand reagerer på at ordførarane i Søgne og Songdalen kommune ikkje ynskjer å ha byvåpenet til Kristiansand som kommunevåpen for den nye kommunen. Vidar Kleppe er open for folkerøysting.
Publisert: 08.05.2018 kl 14:23
I følgje Fædrelandsvennen er 16-åringen som drepte 17 år gamle Marie Skuland og skada ei 23 år gammal kvinne på Sørlandssenteret tiltalt for drap, drapsforsøk, skadeverk og trugsmål.
Publisert: 08.05.2018 kl 11:58
I følgje Fædrelandsvennen er ein 53 år gamal mann dømd til ubetinga fengsel i ti månadar for grovt skadeverk og drapstrugslar.
Publisert: 08.05.2018 kl 09:46
Ordførarane i dei tre kommunane Kristiansand, Søgne og Songdalen er ikkje samde om kva som bør bli kommunevåpen for nye Kristiansand kommune. Ein kunstnar meinar å ha funne løysinga, og har sendt inn det første formelle forslaget.
Publisert: 15.02.2018 kl 10:53
Det er ulike syn på alkohol i dei kristne forsamlingane på Sørlandet. Hillsong Kristiansand arrangerer gudsteneste i lokala til ein nattklubb, medan Filadelfia Kristiansand vel å tape pengar på å ikkje leige ut Q42 til arrangement med alkoholservering.
Publisert: 09.02.2018 kl 09:58
I fjerde episode av "Kunsten til..." møter vi tidenes yngste gruppeleiar i Kristiansand bystyre, Andreas Landmark frå SV. Han viser oss rundt i SV-huset i Dronningens gate, og avslører sitt største førebilete.
Publisert: 08.02.2018 kl 15:10
I dagens episode av "Kunsten til..." møter vi gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Kristiansand bystyre, Mette Gundersen. Ho viste fram partikontoret til Kristiansand AP, som ikkje overraskande var prega av arbeidarkunst.
Publisert: 07.02.2018 kl 13:50
I episode to av «Kunsten til…» møter vi ordføraren i Kristiansand kommune, Harald Furre. Han er ein av dei som stiller seg positiv til bygging av kunstsiloen – vi spør kva for ein kunst har Harald Furre på kontoret?
Publisert: 01.02.2018 kl 09:42
Sørlandet har fått "kunstdilla" og i samband med det skal vi presentere kunstsmaken til politikarar på Sørlandet.
Publisert: 01.02.2018 kl 09:41
Det har vore harde frontar i debatten kring «kunstsiloen» i Kristiansand. No ynskjer Vidar Kleppe at Søgne og Songdalen skal få avgjere om «kunstsilo»-prosjektet skal realiserast.