Sørnett

Er det "lov" å ikkje tru på Gud på Sørlandet?

Organisasjonssekretær i Vest-Agder Human-Etisk Forbund, Vibeke Lauritsen, opplever at det vert meir akseptert å ikkje tru, også på Sørlandet. Ho har likevel nokon ubehagelege opplevingar å fortelle. Foto: Karl Almedal.

Organisasjonssekretær i Vest-Agder Human-Etisk Forbund, Vibeke Lauritsen, opplever at det vert meir akseptert å ikkje tru, også på Sørlandet. Ho har likevel nokon ubehagelege opplevingar å fortelle. Foto: Karl Almedal.

1 prosent av innbyggjarane i Agder-fylka er medlem i Human-Etisk Forbund, medan over 70 prosent er medlem i Den Norske Kyrkje. Dei ikkje-religiøse fortel om hets i 17. Mai-toget, fysiske angrep og mobbing i skulen. Kristne leiarar fordømer dette og ynskjer meir dialog med Human-Etisk Forbund.

Publisert:

Sørlandet vert av mange rekna som hjarte av bibelbeltet i Noreg. Landsdelen skil seg ut med høg deltaking i kristelege miljø, og eit vidt spekter av forsamlingar. Gudstenestedeltakinga i Den Norske Kyrkje i Agder-fylka er i landstoppen trass i at medlemstala er relativt låge, i tillegg er det berre Oslo som har fleire medlemmar i forsamlingar utanfor Den Norske Kyrkje enn Agder-fylka. Det er med andre ord stor aktivitet i dei kristne miljøa på Sørlandet. På den andre sida har Human-Etisk Forbund berre 4000 medlemmar totalt i Agder, noko som utgjer i overkant av 1 prosent av befolkninga. Dei er sjølve tydelege på at det er utfordringar ved å vere ei så lita gruppe i ein landsdel der religion står så sterkt. Likevel ser dei ei utvikling der dei i større grad vert akseptert og dei får meir plass i samfunnet.

Human-Etisk Forbund: - Ting går framover

Vibeke Lauritsen er fylkessekretær i Vest-Agder Human-Etisk Forbund. Ho fortel at human-etikarane generelt får det betre og betre i takt med at dei er i vekst.

- Det går generelt betre og betre. På mange måtar opplever vi at ting går framover. Vi har jo hatt opplevingar oppigjennom, til dømes korleis barn har blitt behandla. Av og til så føler ein at barna må fremje foreldra sine verdiar, fordi når ein skal ha KRLE-faget eller julegudstenester, så får ein jo litt reaksjonar.

I følgje Lauritsen er det visse tider på året at det kjem spesielt mykje reaksjonar, men at det også er utrulig gøy å vere med i Human-Etisk Forbund.

- Det er visse tider av året ein merkar det betre enn andre. Det er rett før jul, og når det kjem slike saker som det gjorde på 17. mai. Samstundes har vi andre tider på året der det er veldig gøy å vere i Human-Etisk Forbund. Spesielt når vi har seremoniane våre i mai, fordi dei er eit ordentlig ”boost”, og vi får vist fram kva vi står for.

Paraply-stikking og ubodne gjestar i konfirmasjon

Organisasjonssekretæren kan også fortelje om opplevingar dei har hatt oppigjennom. I fjor haust var det fleire ungdommar frå Humanistisk Ungdom som skulle henge opp flagg på Lundsbrua i Kristiansand sentrum i samband med arrangementet Humanistisk uke. Dei opplevde at forbipasserande prøvde å stoppe dei fysisk med å stikke dei med paraplyar.

- Ungdomane våra fekk mykje kjeft. Det var fleire som kom bort til dei og sa at "dette har de ikkje lov til", og som begynte å stikke dei med paraplyar for å fysisk hindre dei i å gjere det. To av dei var elevar av meg, og to av dei var barna mine, så eg trur jo på dei når dei kjem heim og fortel det. Dei syntest ikkje at det var så kult.

Ho fortel også om ei episode som skjedde då ein slektning av ho skulle arrangere konfirmasjon. Då opplevde dei å få ubodne gjestar.

- Vi hadde ei episode då niesa mi skulle ha konfirmasjon, som vi hadde nede på kontoret hos oss. Plutselig kjem det nokon inn i lokalet og skal be for oss midt under konfirmasjonsselskapet. Vi fekk jo skubba dei ut heldigvis, men det er ganske drøyt altså. Det er greitt nok at det står Human-Etisk Forbund på døra, men når folk sitter i bunad og er festkledd så kjem du ikkje inn og begynner å misjonere altså.

Opplevde hets i 17. mai-toget i Kristiansand

[img179506_2RM]

Emilie Hesselberg var ein av 12 personar som gjekk bak fana til Human-Etisk Forbund i borgartoget i Kristiansand på 17. mai i år. Ho fortel om sterke reaksjonar frå både andre i toget og dei som såg på langs vegen då Human-Etisk Forbund si fane kom. Folk skal ha kasta vatn på dei og sunge den kristne songen ”Jesus elsker alle barna” med megafonar gjennom delar av toget. Det vondaste var likevel at dei stadane der det ikkje vart sunge eller kasta vatn så stilna jubelen og applausen då Human-Etisk Forbund si fane kom. Hesselberg reagerte så sterkt på det dei opplevde at ho skreiv eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen som skapte reaksjonar over heile landet.

- Det eg opplevde veldig sterkt var at det vart sånn massesuggesjon. Folk høyrer "Jesus elsker alle barna", og så berre kastar dei seg på. Det var hovudsakleg unge menneske i tjue-åra som song, men også eldre enn det. Det var samansette grupper.

Hesselberg fortel at ho har fått mange reaksjonar i etterkant og at mange av dei også har vore frå kristne.

- Det er det mange som har ringt meg personlig i ettertid og grått, bedt om tilgjeving og prøve å fortelje meg at Jesus elskar meg. Dei har kanskje misforstått poenget mitt litt, eg er ikkje lei meg for at Jesus ikkje elskar meg.

 

Høyr Emilie Hesselberg fortelje om opplevingane ho hadde i 17 mai-toget i lydklippet under!

”Sammen for byen” starta å synge

Organisasjonssekretær Vibeke Lauritsen seier at dei er vant til at folk syng ”Jesus elsker alle barna” når fana til Human-Etisk Forbund kjem.

- Vi er jo vant til at dei står og synger mange plassar, og vi brukar å telle talet gongar folk syng den songen. Det nye i år var at dei hadde med megafonar, og då er det planlagt. Du går ikkje for å stå å sjå på eit folketog og har med deg megafon berre som ein del av 17-mai utstyret ditt.

Lauritsen er i dag klar på at det var ungdommane bak fana Sammen for byen som starta å synge mot Human-Etisk Forbund. Sammen for byen er ei fellesfane for alle forsamlingane i Kristiansand, og har opp mot tusen personar bak fana si.

- Det som skjer er at vi går ut frå Torvet, og vi står med seglforeninga mellom oss og Sammen for byen. Vi går der, og så begynner Sammen for byen å synge ”Jesus elsker alle barna”. Så kjem det etterkvart inn andre kortesjer og liknande slik at det vart større avstand mellom oss, men berre så du veit det, dei seier at dei ikkje song, men det gjorde dei.

 

Rune Tobiassen: - Vil slå hardt ned på det

[img179506_3RM]

Pastor i Østsida Frikyrkje, leiar for fellesmøte i Kristiansand og styremedlem i Sammen for byen, Rune Tobiassen, var i byen på 17. mai og såg på borgartoget. Han høyrte ingen som song eller kasta vatn, men seier at han trur på at det har skjedd. Tobiassen fortel at han ikkje hadde høyrt tidlegare at det var ungdommane bak fana Sammen for byen som begynte å synge. Han reagerer sterkt, og slår fast at ingen skal bli mobba av kristne på Sørlandet. Han ynskjer difor å ta tak i dette så fort som mogleg, og har teke initiativ til eit møte mellom Human-Etisk Forbund og Sammen for byen.

- Viss det viser seg at det er nokon av dei kristne som har gjort det, så vil eg gjerne ta det opp. Det er heilt uakseptabelt at ein skal på den måten mobbe nokon som ikkje trur, då vil eg slå hardt ned på det. Ein vits på bekostning av nokon som ikkje trur er heilt uakseptabelt.

Tobiassen seier at han ynskjer å ta dette opp i Sammen for byen, og seier at han også vil vurdere å ta det opp på fellesmøta i Q42 i forkant av nasjonaldagen neste år.

- Dette er veldig interessant, og dette har eg lyst til å ha med vidare. Vi skal ha toleranse, og dersom det er slik på Sørlandet at det ikkje er dei kristne som vert mobba men dei ikkje-kristne, så er det sånn at viss nokon skal stå opp mot det så er det oss kristne, fordi vi har erfart på kroppen i resten av verda korleis det er å vere i mindretal.

I etterkant av dette intervjuet har Rune Tobiassen ringt Vibeke Lauritsen, og dei skal ha hatt ein god samtale. Om det vert eit møte mellom Sammen for byen og Human-Etisk Forbund er endå ikkje bestemt.

Trur at det er like vanskelig å vere kristne på Sørlandet

Tobiassen trur ikkje at det er noko lettare å vere kristen enn ikkje-religiøs på Sørlandet. Han trur at både kristne og ikkje-religiøse kan ha mykje dei same opplevingane på Sørlandet.

- Mi oppleving er at kristne er audmjuke og redde for å seie at dei er kristne også her på Sørlandet. Så prøver eg å seie at kanskje det er litt same opplevinga både kristne og ikkje-religiøse går med, at om ein då kjem som ikkje-religiøs her på Sørlandet så kan det opplevast som at alle er kristne, fordi du høyrer om at dei er så mange.

Pastoren er også kritisk til bilete av Sørlandet som meir kristelig enn andre landsdelar, og kallar det ein karikatur.

- Eg trur at kristne som lev det ut på den måten at dei ynskjer å ta det på alvor er i mindretal. Det er ikkje snakk om at det er over 50 prosent på Sørlandet som lev med Gud i kvardagen. Det er ein karikaturen som blir av Sørlandet, fordi vi er i bibelbeltet og er ein stad med mange bedehus.

Sørlandet er i endring

På landsbasis er det 93 000 medlemmar i Human-Etisk Forbund, i følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå. Til samanlikning har Den Norske Kyrkje over 3,7 millionar medlemmar, i tillegg er rundt 340 000 nordmenn medlem i eit kristen trussamfunn utanfor Den Norske Kyrkje. Sidan 2016 har det vore fleire årlege utmelde enn døypte eller innmelde, i kyrkja. Medan folkekyrkja opplever ein nedgang i medlemstala er situasjonen det motsette i Human-Etisk Forbund, som har vore i vekst i mange tiår.

I slutten av mai vann humanistane endå ein seier då eit fleirtal i Kristiansand bystyre gjekk inn for å la ei privat gruppe starte opp den første humanistiske skulen i Kristiansand, ”Kristiansand grunnskole”, med over tusen elevar.

Likevel står kristendom fortsatt sterkt på Sørlandet. Eit synleg bevis på det er talet på forsamlingar i Kristiansand sentrum. Vi har prøvd å samle alle forsamlingane på kartet under. Forsamlingane er markert i gult, medan Human-Etisk Forbund sitt kontor er markert i kvitt.

At kristendom har stor plass på Sørlandet er noko også forskarmiljøet er samde om.

- Religiøsitet kan vere ein sosial kapital

[img179506_4LM]

Sivert Skålvoll Urstad er universitetslektor ved institutt for sosiologi og sosialt arbeid ved Universitetet i Agder, og har i desse dagar fullført ei doktorgradavhandling om ikkje-religiøse i Noreg. Han seier at Sørlandet skil seg frå andre landsdelar, og at religionen si stilling har hatt mykje å seie for kulturen på Sørlandet.

- Viss du ser på kultur som haldningar og praksisar, så har det sjølvsagt hatt mykje å seie. Når kulturen har vore så sterkt knytt opp mot det religiøse som vi ser på Sørlandet så har det historisk vore eit større innslag av religion, ungdomsmiljø som er knytt rundt religiøse grupperingar og religiøse møter, religiøse leirar og generelt veldig mange kontaktflater som involverer og som tek utgangspunkt i religiøse miljø. Det gjer sjølvsagt noko med miljøet.

Han seier at det at Sørlandet er så djupt religiøst kan ha noko å seie for dei som ikkje er religiøse.

- Det kan gjere det vanskeligare å vere ikkje-religiøs. Viss ein ser på det religiøse som ein sosial kapital, så vil livssynsminoritetar bli meir ekskluderte.

Skålvoll Urstad fortel også at det er nokon delar av Sørlandet som skil seg ut i det at religion har ein enda større plass i samfunnet enn resten av landsdelen.

- Flekkerøya har blitt haldt for å vere ganske isolert og eit eige segment på Sørlandet. Dei har også sine eigne ord og venningar og uttrykk, så Flekkerøya har ry på seg for å vere eit litt spesielt religiøst segment. 

”Sigrid skal til Helvete”

[img179506_5RM]

Sigrid Kjærgaard Linnerud flytta til Flekkerøya sommaren før ho begynte i 9.klasse, og budde der til ho var ferdig på vidaregåande. Ho fortel om eit miljø der det meste skjedde rundt kyrkja, og der ho ofte sto åleine om å ikkje ha den kristne trua.

- Eg vil beskrive det som å bu i ei kult. Alt dreier seg rundt kyrkja, og om du ikkje er med i kyrkja vert du automatisk utestengt frå lokalsamfunnet. Folk generelt ser ned på ikkje-religiøse. Då eg budde der ute var det berre éin annan enn meg som ikkje var religiøs i klassa, resten var kristne, det same gjekk igjen på resten av øya også. Det var kristne som budde der, og vi som ikkje var kristne fekk høyre det.

Ho fortel om eit lokalsamfunn prega av kristne som viste lita forståing for hennar livssyn, .

- Dei er tydeleg kristne. Første dagen eg gjekk på skulen der i niandeklasse fekk eg beskjed om at vi måtte ta med biblane våra fordi dei skulle vi bruke på skulen. Eg sa at eg ikkje hadde bibel heime, og det var uhørt for dei at eg ikkje hadde det.

Kjærgaard Linnerud fortel om mobbing gjennom tida på ungdomskulen. Ho hadde ynskja at lærarane tok tak i problemet.

- Eg fekk tydeleg beskjed om at eg skulle ende opp i helvete fordi eg ikkje trudde på Jesus. Eg gjekk på ungdomskule der i to år og eg fekk høyre det jamt. Sjølv om det vart sagt framfor lærarar vart det ikkje teke tak i av nokon lærarar på ein seriøs måte, og det vart ikkje noko reaksjonar frå rektor retta mot foreldre eller liknande. Det var noko som berre gleid forbi. 

Sokneprest: - Flekkerøya skal vere ein god stad å bu på for alle

Sokneprest på Flekkrøya, Håkon Borgenvik, reagerer sterkt på historia til Kjærgaard Linnerud. Han har vore sokneprest på øya i to år, og kjenner ikkje henne eller historia hennar, men han er klar på at dette er noko ein må jobbe med på Flekkerøya.

- Eg reagerer med avsky. Sånn skal ein ikkje oppføre seg, folk skal respekterast med den trua og livssynet dei har, og sleppe å bli mobba og utestengt på grunn av det. Det sjølvsagt ein heilt reell oppleving for henne, og er det eit generelt problem så er det noko vi absolutt burde jobbe med også i kyrkjelege samanhengar for å prøve å motverke sånne haldningar.

[img179506_6LM]

Borgenvik erkjenner at det kan vere utfordrande å ikkje vere med i det kristne miljøet når så mange er det, men han trur at ting har endra seg mykje, spesielt etter at Flekkerøytunnelen vart opna i 1989.

- Eg ser for meg at det kan vere litt meir utfordrande på Flekkerøya enn andre stadar, fordi her er det meir forventa at du er med i slike samanhengar. Eg trur ikkje at det er vanskelig å vere ikkje-religiøs, men du blir utanfor i ein del samanhengar som er sentrale for mange her på øya. Det har skjedd ei utvikling på Flekkerøya, før tunnelen kom var det nok meir isolert, men etter det har masse folk flytta inn og ut, no så nærmar det seg meir ein normal bydel her ute også, men det er annleis. Kristendomen er nok på retrett generelt i mange samanhengar, men den står fortsatt sterkt på Flekkerøya, sjølv etter tunell og ei normalisering av lokalsamfunnet.

[img179506_7LF]

Biskop Reinertsen: - Eg vert lei meg

[img179506_8RM]

Biskop Stein Reinertsen i Agder og Telemark Bispedøme har ikkje hørt anna enn at miljøet på Flekkerøya er godt, og peikar spesielt på det gode samarbeidet mellom kyrkja og idretten. At kyrkja står sterkt meinar han at kyrkja ikkje kan kritiserast for sidan alle har rett til å starte arbeid på Flekkerøya. Biskopen syntest likevel at det var vondt å høyre historia til Kjærgaard Linnerud.

- Eg vert veldig lei meg, slik skal det ikkje vere. Ein kan ikkje seie at nokon skal til helvete, og eit kvart menneske skal bli møtt med respekt. Sånne holdningar er på tvers av den kristne tanken. Det er berre å seie at sånn skal det ikkje vere.

Reinertsen synest heller ikkje noko om det som skjedde på 17 mai i Kristiansand, og seier at han ynskjer ein dialog mellom dei som vart hetsa og dei som hetsa.

- Av og til så gjer kristne ting som ikkje er bra, og det er ikkje bra, for å seie det enkelt og greitt. Viss vi ser på det som skjedde på 17 mai så veit vi jo ikkje kven som gjorde det, men viss det var kristne som gjorde det så er det ikkje slikt ein skal gjere.

Biskopen trur likevel at både ikkje-religiøse og religiøse vert godt behandla på Sørlandet, men at enkelttilfella er noko ein må ta tak i.

- Eg trur at stort sett vert kristne respektert, og eg trur at human-etikarar og dei som ikkje trur også vert respektert. Anten vi er på Sørlandet eller elles i landet så trur eg at dei fleste nordmenn har ei haldning som viser at ein respekterer alle, men så har vi enkelttilfella, og eit enkelttilfelle er eit for mykje.