Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
God stemning i salen. Ap politikar Jannike Arnesen (f.v) og ordførar i Kristiansand Mathias Bernarder (f.h) Foto: Madeleine Hamn
Då regnskapssjef Thomas Mongstad Haavik skulle legge fram finansreglemantet, var det fleire politikara som kjente seg usikre.
Madeleine Hamn
Publisert: 15.05.2025 kl 14:28
- Vi veit at det er mykje stammespråk og vanskelege ord i finansreglementet. Så ikkje vær redd for å stille dumme spørsmål.
Det sa Thomas Mongstad Haavik til ein smånervøs gjeng, når han skulle starte presentasjonen sin om finansreglementet.
Regnskapssjef Thomas Mongstad Haavik beroliger forsamlinga. Foto: Madeleine Hamn
Like etter kunne man høyre tilropet "åhh" frå ein politikar på bakerste benk, etterfylgt av latter frå resten av politikarane i salen.
Haavik betrygga forsamlinga med at han kunne stå for forklaringa.
Haavik har lang utdanning innan økonomi, og er investeringsforvaltar i selskapet "Gabler". Dette selskapet arbeider for pensjon-og kapitalsforvaltning. Det sistnemnte omgrepet handlar om å spare pengar i aksjar eller fond, slik at beløpet kan auke over tid.
Han har tidlgare jobba ti år i Kristiansand kommune, men i dag var det første gong han møtte opp i formannskapet. Årsaka til besøket var at bystyret måtte ta stilling om finansreglementet skulle reviderast eller ikkje.
I følgje Lovdata er finansreglementet eit dokument som styrer korleis kommunen forvaltar store pengebeløp, som pensjonsmidlar og investeringsfond.
Dette stod på agendaen under presentasjonen av finansreglementet. Foto: Madeleine Hamn
Kvar nye bystyreperiode, skal finansreglementet reviderast. Det blir sendt ut forslag til nytt finansreglement gjennom ein ekstern tredjepart, som skal kvalitetssjekke dette. Før saka skal opp den 11. juni i formannskapet og 18. juni i bystyret.
- Det er jo et relativt langt og omfattende dokument, seier Haavik. Men at målet hans var å få politikarane til å skjønne kva dokumentet handla om, når han var ferdig med presentasjonen sin.
For å skape engasjement, forklarte han korleis finansreglementet kunne bli relevant på kommunalt nivå. Særleg då i samanheng med korleis risiko, etiske vurderingar og framtidsutsikter spelte inn i korleis kommunale fond blei forvalta.
Mange framandord som måtte noterast ned. Foto: Madeleine Hamn
Arbeidarpartiets Jannike Arnesen la ikkje skjul på at ho hadde grudd seg til gjennomganga.
– Eg har vore på nattevakt i natt og grudd meg veldig til at vi skulle ha om finansreglementet. Men etterpå kjende eg «jippi», dette var jo sabla bra.
Ho syns at Haavik kom med gode poeng, som ho kunne ta med seg vidare i sitt arbeid.
– Eg synest han hadde ein utruleg god pedagogisk måte å formidle eit veldig komplisert tema på. For meg vart det mykje klarare kva finansreglementet eigentleg handlar om, og kor viktig det er for kommunen. Det er jo alle innbyggarane sine pengar vi tross alt skal ta vare på.
Arbeidarpartiet politikar Jannike Arnesen.