Sørnett

Ein dansande draum

Karen Elise Berglihn bygger opp teknikken i ballettimen. FOTO: Eirin Aa.Haga

Karen Elise Berglihn bygger opp teknikken i ballettimen. FOTO: Eirin Aa.Haga

Det er vanskeleg å leva av dans. Vi snakka med to danseelevar på Vågsbygd vidaregåande skule som ikkje lar seg skremma av det harde livet.

Publisert:

[slideshow id=378]

 

Eg kjem inn i eit stort og opplyst rom. Golvet er som ei grå dansematte med seig overflate. Det er speil på to av murveggane, ein kan sjå speilbilete sitt frå fleire vinklar. Trestenger festa langs veggen, som elevane brukar som ein støttande dansepartnar og ein hjelpande tøyeven. Danseelevane er kledd opp i ballettøy, nokre med svarte ballettdrakter med lyserosa strømper under og ballettsko på føtene. Håret er satt opp i ein topp, og den sortkledde ballettinstruktøren Clara Jung er klar for å starte ballettimen.

Tilfeldig

Karen Elise Berglihn (19) dansa jazz fire år hos danselærar Jung, før ho begynte på Vågsbygd. Då ho fekk  høyre om danselinja vart ho med ein gong nysgjerrig. Som mange andre ungdommar visste ho ikkje kva ho ville gjere, så ho bestemte seg for å gje det ein sjanse. Ho fortel at foreldra var skeptiske i byrjinga, sidan dei veit kor tøft dansemiljøet er, og kor vanskeleg det er å få seg jobb. Dette stoppa ikkje den bestemte danseeleven. Ho var klar i sitt val, og stod for det. Dans er blitt ei stor glede for ho , og synast at det er veldig kjekt å vere i aktivitet. I staden for å berre sitje heile dagen på skulebenken.

Godt samhald

Danseeleven kan fortelje at i den reine jenteklassen er det eit godt miljø. Det er eit godt samhald mellom elevane, og Karen trivs

veldig godt.

-  Alle går godt saman med kvarandre. Eg har høyrt at nokre klasser har hatt litt intriger og slikt, men i vår klasse er alle venner. Dersom vi skal ha besøk inviterer vi heile klassen, fortel danseeleven.

Ho har på seg ei svart ballettdrakt, med ballettstrømpe under. Toppen er tatt ned til ein hestehale no når ballettimen er ferdig.Med eit smil om munnen fortel ho at det er ikkje noko spesielt konkurransemiljø her. Sjølvsagt kan ein verta litt misunneleg dersom noko får betre karakter enn ein, for ein vil gjerne gjere det bra sjølv, men ein rakkar ikkje ned på kvarandre for det, seier dansejenta.

-  Vi hjelpar og byggjer kvarandre opp. Men det kan vere slitsamt å vere danseelev. Ein får høyra konstruktiv kritikk kvar dag, og det er veldig bra at vi både gjer og får tilbakemeldingar, men det kan vere litt trøttande i lengda, fortel den ivrige dansaren.

Den største forskjellen mellom å gå i ein danseklasse og i ein vanlig allmennklasse, må vere at det er nok meir klikkete på allmennlinje, meiner nittenåringen. Vi er blitt ein stor gjeng, som er saman heile dagen. Då må vi samarbeide med alle, fortel ho.Men det er synd at det er så få gutar som begynnar på danselinja, legg ho til.

-  Vi kunne trengt litt meir testosteron her, seier eleven smilande.

Når dei har hatt besøk av tiendeklassingar får dei alltid spørsmål frå gutar om dei har hip hop på denne linja. Sidan dei ikkje har det, så mistar dei fort interessa.

Ballettjenta

Nora Dyrholmen (19) er den andre danseeleven eg snakkar med. Ho er meir ei ballettjente. Allereie som åtteåring var ballettskoa på.

-  Eg har alltid vert glad i ballett, og det er veldig viktig teknikk og ikkje minst god trening, fortel eleven.

[img80311_2LM]

Likevel er ho veldig glad i dei andre dansestilane også. For tida er ho med i eit ungdomskompani som heiter ”Dansebanken Ung”. Det er eit dansekompani som driv mest med ballett og moderne, der dansarane er alt i frå 13 til 19 år.

 Nora har på seg ein stor rosa hettegensar. Slik at ho heldt seg varm mens ho tar seg ein pause frå dansetimen. Det lange lyse håret hennar er samla i ein hestehale.  Ho sitt ved speilveggen og følgjer godt med på kva dei andre lærar.

Nittenåringen er også veldig begeistra over miljøet i klassen. Når ein går i ein danseklasse kjem ein veldig tett innpå kvarandre, både på godt og vondt. Ein har ikkje anna val enn å gjere det beste ut av det, seier dansaren.

Saknar gutar

 Nora er veldig einig med Karen om at det er synd at det ikkje er fleire gutar som vel danselinja her i Kristiansand.

-  Partnararbeid er ein stor del innan dans, og då er det leit at vi ikkje har nokon gutar. Det ender opp med at eg speler gut i førestillingar, fortel ho.

Nittenåringen meiner at Kristiansand heng litt etter på det med gutar i dansemiljøet, og fortel at i blant anna Oslo er det mykje fleire mannlege dansarar. Fleire gutar er interessert, men det er få som tørr, meiner ballettjenta. Ho trur det handlar om at det er ingen som tørr å vere den fyrste guten som begynner. Er det fyrst ein, så er det lettare for at det blir fleire, seier danseeleven.

Viljekraft

Både Nora og Karen drøymar om å kunne leve av dans. Begge er fullt klar over at det er eit ganske hardt yrke, og ein må vere ganske flink for å kunne leve av det. Nina har ein veldig klar draum. Ho ønskjer å få vere med i eit profesjonelt dansekompani. Helst innanfor stilarten moderne. Ho har ikkje alltid vore lika sikker på dans. I andreklasse var ho veldig i tvil om dette var det ho ville satse på, fortel den entusiastiske dansaren.

-       Ei dansekarriere er veldig kort, og framtida er veldig usikker. Ein kan vere uheldig å få skader, og det er vanskeleg å skaffa seg jobbar, fortel Dyrholmen.

Denne helga har Nora satt av til audition på kunst – og sceneskulen i Danmark, noko ho er veldig spent til. Ho har også søkt på andre danseskular i Noreg, som KHIO, Spin off og Bårdar.

Karen seier at dersom det ikkje endar med å stå på scenen, kan ho godt tenkje seg å vere lærar, eller ha dans som hobby. Neste år håpar ho å få plass på den anerkjente folkehøgskulen Trøndertun. Så langt er den skulen det einaste ho har søkt på, så vi kryssar fingrane for henne.  Både Nina og Karen er fast bestemt på at uansett kva som skjer skal dei dansa.

Som danselæraren Sissel Jørgensen seier,

- Ein må verkeleg brenna for dansen dersom ein skal satsa på det. Resultata og innsatsen heng saman med vilja.