Sørnett

Figurar frå fjord og fjære

Gammalt glasskår blir til englar. Foto: Helene Reite

Gammalt glasskår blir til englar. Foto: Helene Reite

Gunn Bjerke bur på Hamresanden og lagar figurar av ting ho finn i fjæra. Det folk har kasta på sjøen, og som blir skylt opp på land, tek ho inn i varmen og gir det nytt liv.

Publisert:

99 % av det ho brukar er gjenbruk. Glas og gamle skåler som har vore til sjøs, blir slipt og kjem tilbake i ei litt ny form. Dette rusket ser Gunn Bjerke potensialet i. Men det er ikkje berre i fjæra ho finn materiale. På søpla finn ho gamle sikringar, mobilar, datautsyr, sardinboksar og tannhjul som blir til figurar.

[img30452_2RS]

Kringkastingssatellittsamband

Nokre av figurane er samla i ein kalendar, der blant anna “Eg reiser kollektivt” er avbilda. Denne er laga av ein gamal sikring, eit par spiker, hengelås, halskjede, glasskår, klinkekule, ein gamal øyredobb og eit lodd.

-          Denne figuren har fått namnet “kringkastingssatellitsamband”, seier ho, og held opp eit bilete av ein figur som er laga av ein gammal mobil.

Alle figurane har sitt eige uttrykk og utstråling, ifølge Bjerke.

-          Ein kan på ein måte sjå kva dei tenkjer, seier Bjerke, og held fram eit bilete av ein figur som ventar på bussen.

Kortreist hjelp

Ho bruker lokale krefter både i produksjon og sal. Figurane har ein eigen fast fotograf frå Kristiansand. Varene sel ho på Birting, Om igjen og eigen nettbutikk.

-          Eg passar på å tenke kortreist og lokalt, og eg bruker miljøvennlig papir til kalender og kort, fortel Bjerke.

Det ligger ein grøn tanke bak det ho driver med.

– Det er grusomt å sjå alt det folk kastar. Vi lever i eit overflodssamfunn, og eg brenner for at ein kan bruke ting om igjen, seier Bjerke.

[img30452_3RS]

Blikk for detaljar

Ho har sidan ho var lita likt å bruke hendene og blikket for detaljar har alltid vore der, fortel ho.

-          Det kan vere ein lang og komplisert prosess frå ide til ferdig figur, seier Bjerke.

Ho fortel at ideane ligg i bakhovudet heile tida, og ho er alltid på leit etter neste bit på figuren. Den kan dukke opp når ho minst ventar det, i møte med folk, i bøker ho leser eller i situasjonar ho møter.

Sprer glede og minner

Ho bruker humor og ordspel når ho gir figurane namn. Historia om Rødhette og ulven var tanken bak figuren “ulv med raud hatt”.

-          Eg får folk til å le. I tillegg kjenner folk igjen gamle ting dei har sett før, som til dømes mønsteret frå gamle koppar dei har hatt, fortel Bjerke.

-          Eg kan til og med engasjere menn, fordi dei kjenner att gamle verktøy eller industrielle delar. Det er det jo ikkje alle som klarer, seier Bjerke.

[img30452_4RM]

Søppel som ressurs

-          Afrikanarar har jo haldt på med dette lenge. Dei lagar til dømes leikar av ledningar. Eg trur dette er på veg til Noreg og, seier Bjerke.

-          Eg trur det er fleire handverkarar der ute enn dei vi ser. Desse må komme meir fram og bruke det dei har, avsluttar Bjerke.