Sørnett

Gospelfest på Flekkerøya

Den svenske gospel- og soulartisten Samuel Ljungblahd er ein av hovudartistane på Øygospel til helga. Pressefoto.

Den svenske gospel- og soulartisten Samuel Ljungblahd er ein av hovudartistane på Øygospel til helga. Pressefoto.

Øygospel feirer i år tiårsjubileum. Mellom tre og fire tusen ungdommar vil komme innom festivalen førstkomande helg.

Publisert:

- I år kjem blant andre den svenske gospelsongaren Samuel Ljungblad og Paul Colman frå Australia, fortel presseansvarleg Henrik Kristoffersen.

Han legg til at det også vert ein headliner for dei minste, nemlig to populære systre frå Grimstad, Emeline og Sunniva.

Stor festival på lita øy

Festivalen er ein av dei største i Kristiansand for den yngre garde.

- Det vert stort sett ungdomskonsertar, men dei vaksne er jo også sjølvsagt velkomne, seier Kristoffersen.

Det er no det tiande året denne festivalen vert arrangert.

- Dette skal vi markere med ei stor opning på fredagen. Då skal vi invitere diverse tidlegare arrangørar, fortel Kristoffersen.

Hallsang og bibelsmugling

Festivalen foregår i Flekkerøy idrettshall, og byrjar med “hallsang” førstkomande torsdag.

- "Hallsang" betyr altså allsang i hall. Her vert det møte med kor og songrupper i forskjellige aldersgrupper. Alt ifrå ulike barnekor til dei litt eldre “Flekkerøygutta” skal på scena, røper Kristoffersen.

Men det vil også foregå ulike andre aktivitetar på dagtid.

- På laurdag blir det “øygospel kick". Vi samarbeidar med Opne dører, som blant anna smuglar bibel til land der det eigentleg er ulovleg å ha det. Vi skal ha fiktiv bibelsmugling der ungdomane må gjennom hinderløyper, og spele at dei er med på bibelsmugling, fortel Kristoffersen.

Frivillig innsats

Alt drivast av frivillige krefter, og Kristoffersen skryt av innsatsviljen blant øyfolket.

- Vi får god hjelp frå opp mot 200 frivillige medarbeidarar. Alle i styret jobbar ulønna. Den frivillige innsatsen på Flekkerøya er utrulig bra, seier han.

To år tilbake hadde dei eit tungt år økonomisk, men fekk ein oppsving etter god hjelp frå lokale krefter. Festivalen er no på beina igjen.

- Vi er godt nøgde om vi går i null. Det viktigaste for oss er å gi dei unge ei god oppleving, avsluttar festivalmedarbeidaren.