Sørnett

Ikkje semje om kommunevåpen

- Eg synest at dette er det finaste, slår Søgne-ordførar Astrid Hilde fast på spørsmål om kva kommunevåpen ho likar best.

- Eg synest at dette er det finaste, slår Søgne-ordførar Astrid Hilde fast på spørsmål om kva kommunevåpen ho likar best.

Ordførarane i dei tre kommunane Kristiansand, Søgne og Songdalen er ikkje samde om kva som bør bli kommunevåpen for nye Kristiansand kommune. Ein kunstnar meinar å ha funne løysinga, og har sendt inn det første formelle forslaget.

Publisert:

Varaordførar Tove Welle Haugland i Kristiansand kommune er heilt klar på at ho vil ha byvåpenet til Kristiansand som kommunevåpen for nye Kristiansand kommune. Johnny Greibesland, ordførar i Songdalen kommune, er like sikker på at han ikkje vil ha det. Ordførar i Søgne kommune, Astrid Hilde, ynskjer eit heilt nytt kommunevåpen laga av ein lokal kunstnar i Søgne.

Ordførar i Søgne vil ha nytt kommunevåpen

Ordførar i Søgne kommune, Astrid Hilde, er klar på at våpenet til nye Kristiansand kommune må vere noko som alle kan stille seg bak, anten ein vel å bruke byvåpenet til Kristiansand eller om ein lagar eit nytt. Ho hadde likevel sett at ein lagde eit nytt våpen for å markere at ein lagar ei ny kommune, og som samlar alt som er felles for dei tre kommunane. Ho har klare tankar for korleis det bør sjå ut.

- Merkevara Nye Kristiansand syns eg burde vere eit tradisjonelt heraldisk godkjent våpen med få fargar og enkelt design for å kunne formidle den merkevara som vi no skal bygge opp saman som ei ny kommune.

Ordføraren hevdar også at byvåpenet til Kristiansand har for mange detaljar som gjer det lite eigna for å markedsføre ei moderne kommune.

- Viss ein ser på merkevarebygging for ei ny kommune, så vil eit veldig detaljert kommunesegl vere lite grafisk eigna til å kunne vere lett å kjenne igjen. Det er noko med det å ha sånne små kommunevåpen til dømes slik som Søgne sitt. Med ein gang du ser det så veit du at det er Søgne, fordi det er så enkelt.

 

Greibesland: - Vi må ha eit våpen for vår tid

Ordførar i Songdalen kommune, Johnny Greibesland, har vore mykje i media siste vekene etter at han hevda at byvåpenet til Kristiansand ikkje er passande for ei moderne kommune. Han grunnar ikkje dette i ei grafisk vurdering, slik som ordførar-kollegaen i Søgne, men han meinar at ein ikkje kan bruke våpenet fordi det inneheld ei løve som symboliserer Kristus. Sjølv om han innrømer at han prøvde å ”fleske litt til” for å få reaksjonar og debatt, meinar han at det i dag er unaturlig å ha religiøse symbol i kommunevåpenet.

- Det var sikkert veldig naturlig i 1643 og vi skal for all del ta vare på tradisjonane, men i dag er vi blitt eit fleirreligiøst og fleirkulturelt samfunn, og då tenkjer eg at det beste hadde vore om det var eit religionsnøytralt kommunevåpen, seier Greibesland.

Ordføraren er vidare samd med Astrid Hilde i at ein bør lage eit nytt kommunevåpen når ein dannar ei ny kommune, men korleis dette våpenet skal sjå ut vil han ikkje meine noko om.

- Eg har ikkje tatt stilling til kva det skal vere, men eg har jo sagt noko om at eg hadde sett for meg at det var eit våpen som speglar litt av den tida vi lever i der inkludering, samhald og fellesskap er viktige ingrediensar for å skape eit godt samfunn.

[img178040_2LF]

Vi må ikkje forkaste historia

Vikarierande varaordførar i Kristiansand kommune, Tove Welle Haugland, har også vore mykje i media siste tida i samband med Johnny Greibesland sine uttalelsar. Ho meinar at byvåpenet til Kristiansand er like viktig i ei moderne tid, og ynskjer å ha det som kommunevåpen for nye Kristiansand kommune.

- Det å fortelle historia som vi kjem frå er alltid eigna i den moderne tida. Det er ein grunn til at vi ofte repeterer kva historie Kristiansand er bygd på. Vi må aldri undervurdere viktigheita av å ta med seg røtene inn i ei moderne tid. Det å sjå tilbake på kven som bygde denne byen og korleis vi har kome dit vi er i dag. Vi er stolt over å ha eit opent, demokratisk og likestilt samfunn, men korleis kom vi dit? Vi må alltid sjå tilbake. Det å forkaste historia er eg sterk motstandar av, slår varaordføraren fast.

Ho meinar at Kristiansand og kommunane rundt har ei felles historie som byvåpenet er ein del av. Derfor trur ho at byvåpenet er representativt også for befolkninga i Søgne og Songdalen.

- Hovudsymbolet i kommunevåpenet er eit tre som symboliserer den tømmerverksemda som heile Kristiansand vart bygd på, og det har hatt ringverknadar og verdiskaping for kommuner også utanfor Kristiansand, som Søgne og Songdalen.

[img178040_3LF]

Søgne-kunstnar har levert første forslag

Kunstnaren Hildegunn Roll Sverdrup frå Søgne har sendt inn det første formelle forslaget til kommunevåpen for nye Kristiansand kommune. Ho har teke utgangspunkt i steinalderkvinna ”Sol”, som vart funnen i Søgne i 1994. ”Sol” vert rekna som det eldste fossilet som er funne i Noreg, og vert difor rekna som den første kjende innbyggjaren i Noreg. Dette meiner Roll Sverdrup at må markerast i det nye kommunevåpenet.

- Det er nyskapande på mange måtar. Det er jo vanlig å trekke fram det kommunen har drive med, som til dømes fisk, industri, skog eller landbruk, men det er noko alle har. Det er ingen som har det vi har, nemlig den første innbyggjaren i Noreg, slår kunstnaren fast.

Roll Sverdrup meinar at det mest rettferdige overfor Søgne og Songdalen er å finne eit nytt våpen som speglar at dei tre kommunane vert til ei ny kommune. Dersom Kristiansand får behalde sitt kommunevåpen hevdar kunstnaren at det er respektlaust overfor dei to andre kommunane.

- Dersom Kristiansand skal behalde sitt våpen, og berre innlemmer to andre kommuner i sitt våpen som om ingenting har skjedd, så synest eg at det er litt respektlaust. Sidan vi vert tvangssamanslått, så synest eg at Kristiansand bør vise velvilje sidan det er dei som har foreslått kommunesamanslåing.

[img178040_4LF]

Søgne ordførar: - Eg kunne tenkt meg det

[img178040_5RM]

Roll Sverdrup får støtte frå ordføraren sin, Astrid Hilde, som kunne tenkt seg å bruke ”Sol” som kommunevåpen for nye Kristiansand kommune.

- Eg kunne tenkt meg det, men det er alt for tidlig å lande på det. Vi må ha ei brei konkurranse, men eg synest at det var eit veldig godt forslag.

Songdalen-ordførar Johnny Greibesland syntest derimot ikkje noko om forslaget.

- Nei, eg trur ikkje det blir det forslaget, men eg eg ser kor det kjem frå. Eg synest at det var litt kjedelig, rett og slett. Eg vil gjerne ha litt grønt i kommunevåpenet som kan symbolisere bygdene våra og den grøne tida vi lever i.

 

Høyr radio-saka om kommunevåpena under: