Sørnett

Cinemateket i fare for å miste støtte

Kulturminister Hadia Tajik møtte kompetansesentera på Aladdin. Foto: Aleksander Hømanberg

Kulturminister Hadia Tajik møtte kompetansesentera på Aladdin. Foto: Aleksander Hømanberg

Kulturministeren ser alvorleg på situasjonen som Film & Kino er i.

Publisert:

Kulturminister Hadia Tajik reiser rundt i alle fylka, fram til midten av mai, med seminar. Ho oppfordrar til deltaking og legg vekt på at det er viktig for regjeringa å få innspel frå heile landet, og spesielt frå kulturfolk. Sørnett møtte ho tysdag 14. mai på Aladdin.

Det er ein del ulike kompetansesenter som held til på Aladdin. Eit av kompetansesentera som held til der er Cinemateket. Cinemateket står i fare for å miste støtte frå Film & Kino sitt filmfond. Utfordringa er at pengane går ned i fondet. Årsaka er at færre og færre kjøper dvd. Tajik meiner det er viktig å ivareta dei oppgåvene som Film & Kino har ansvaret for, som blant anna er Cinemateka i Noreg og filmformidling for barn og unge.

- Eg ser alvorleg på situasjonen som Film & Kino er i, og prøver å finne ei løysing på dette. Eg har ikkje tatt stilling til kva måte det skal gjerast på.

I følgje kulturminister Tajik er det to ting som kan gjerast for å ivareta dette.

- Ein kan anten tilføre Film & Kino meir pengar, det har vi allereie satt i gong med. Ein annan ting som er mogleg å gjere er å flytte enkelte av oppgåvene som Film & Kino har ansvaret for, over på statsbudsjettet, seier Tajik.

Det reviderte statsbudsjettet kom for nokre veker sidan, og det var sett av 2,8 millionar kroner til særleg det som handlar om filmformidling for barn og unge. Dette betyr at det blir meir pengar igjen til dei oppgåvene som Film & Kino har ansvaret for.

Møtte ulike kulturmiljø

- Når eg først er i dette fylket er det fint å få møte dei ulike kulturmiljøa. Aladdin er ein stad der mange spennande folk, med ulike fagbakgrunnar og eit sterkt engasjement for kultur, held til, seier Tajik.

Kulturministeren legg til at dette er noko av det som er med på å gjere bygget og dei som held til her interessante.

Tajik set eit levande kulturliv svært høgt. Ho fortel at det er mykje spennande som skjer i Kristiansand, med tanke på kultur.

- Kristiansand er ein veldig levande kulturby. Ikkje minst på musikkfronten, der eg trur byen kan vere ein veldig progressiv norsk musikkby, seier ho.

 Føresetnad for demokrati
I følgje Tajik er føresetnaden for at demokratiet vårt skal fungere slik det er meininga det skal gjere, at ein har eit levande kulturliv.

- Kultur handlar både om deltaking og ikkje minst om moglegheita til å ytre seg på ulike måtar. Det er meiningsmangfald og utrykksmangfald som kulturlivet bidrar til, er det som får grunnleggjande verdiar i samfunnet, slik som demokrati og ytringsfridom, til å fungere etter intensjonen.

Kulturtilbodet har vakse
Mette Gundersen, frå Arbeidarpartiet, meiner kulturtilbodet i Kristiansand har vakse dei siste 10 åra. Det har kome fleire komeptansesenter, som saman med cultiva, har gjort at det har blitt eit heilt annleis kulturliv. Etter at Kilden kom på plass, har det også vore med på å gi Kristiansand, og resten av landsdelen, eit løft. Sjølv om kulturtilbodet har vakse, er det framleis forbetringspotensiale, meiner Gundersen.

- Alt kan bli betre. Det er det som er bra med kultur, det blir aldri godt nok, det skal heile tida vere i utvikling. Bli meir profesjonell, ta inn fleire og bli meir inkluderande, seier ho.

Det som foregår i dei regionale kompetansesentera som er lokalisert i Kristiansand, er med på å forsterke kulturen.  Sjølv om Kilden har gjort at kulturlivet i Kristiansand har auka, meiner Gundersen at kompetansesentera, vel så mykje som Kilden, er med på å gi kulturen eit løft.

- Utan kometansesenter for film så hadde vi ikkje hatt den enorme veksten vi har hatt for filmbransjen. Utan Surf, som er eit kometansesenter for musikk, hadde vi ikkje hatt kulturkonserttilbodet eller artistane, og det same gjeld forfattarsentrum, seier Gundersen.

Ho legg til at det hjelp ikkje berre med tak og veggar, ein må også ha innhald.

- Det er nettopp det kompetansesentera produserer, og gjer at vi får eit levande kulturliv.