Sørnett

Usikker hummarframtid

Ein engasjert debattant skriv fortløpande ned kommentarar under debatten. Foto: Marius Hallem

Ein engasjert debattant skriv fortløpande ned kommentarar under debatten. Foto: Marius Hallem

Det er mange kjenslar i sving då hummardebatten blei tatt opp i Sørnett Radio.

Publisert:

Fiskeridirektoratet har denne hausten gjeve Norsk hummer AS løyve til fangst av intill 300 rognhummar utanfor Flekkerøya. Dette som eit ledd i Flekkerøy Hummer SA si etablering av havbeite i same område. Dette har skapt kraftige reaksjonar i lokalmiljøet.

Representantar frå Mot havbeite og Flekkerøy Hummer SA møtte tysdag til debatt i studioet til Sørnett radio. Bård Georg Karlsen som representerte Flekkerøy Hummer SA var med programleiar på telefon, mens Frank Erik Salvesen - ein av initiativtakarane bak motstandsgruppa Mot havbeite - møtte til debatt i studio.

- Ein smule suspekt

Frank Salvesen meiner det er suspekt at Fiskeridirektoratet gir løyve på vegne av eit selskap som ikkje er registrert som eit aksjeselskap i Brønnøysundregisteret.

- Vi syntes det er ein smule suspekt at dei har gitt ei løyve til eit selskap som per dags dato ikkje er registrert. Dei bærer vel  snautt nok på stiftelses dokumentet.

Karlsen er på si side stolt av det samvirkelaget driv på med, og håpar at dette skal opne for nye moglegheiter for hummarfisket utanfor Oksøy fyr.

- Vi er utroleg stolte av det vi held på med, med tanke på alle dei gode tilbakemeldingane vi får frå lokalmiljøet. Det er veldig mange ja-menneske på Flekkerøya som ser moglegheiter.

Salvesen avviser konsekvent at dei har fått gode tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga, og viser til ein underskriftskampanje med godt over 300 underskrifter.

- Per dags dato så har vi passert 315 underskrifter, og det det begynner å nærme seg tre ganger av dei andelane de har solgt. Vidare fortel han at det er fleire som er i mot dette.

- Eg mottar telefonar frå Lindesnes til Lillesand, fiskarar som er rasande forbanna, for å sei det fint, fortset han.

Mange kjenslar[faktaboks]

Karlsen legg ikkje skjul på at det er mange kjensler knyta til hummarfisket. Han fortel at hummarbestanden er veldig lav, og at eit slikt tiltak vil hjelpe bestanden til å auke.

Frank Salvesen reagerer på at Flekkerøy Hummer SA nektar å gje ut opplysningar om kven dei 115 personane som har kjøpt andelar er.

- Grunnen til at dei nektar å svare på dette, trur vi, er det at det vil vise det at ca 80% av dei er tømmermenn, elektrikarar, vareleverandørar til tømmermannsindustrien og utbyggarar. Det ligg ein skjult agenda i heile greiene.

Til slutt må programleiar, Nina Eilertsen avbryte debatten og takke for at dei stilte opp til debatt.

- Dykk kan vere einige om at det ikkje blir einighet i dag.