Klargjør siden...
Sørnett

Hånes frikyrkje:

Deler ut ryggsekkar til førsteklassingar som har dårleg råd

Hånes frikyrkje gir bort ryggsekkar gratis, til born som lev i familiar med låginntekt.
 Foto: Madeleine Hamn

Hånes frikyrkje gir bort ryggsekkar gratis, til born som lev i familiar med låginntekt. Foto: Madeleine Hamn

I dag bur det omlag 2000 fattige born i Kristiansand. No vil pastor Stian Hansen lette byrda, ved å deler ut gratis ryggsekkar.

Publisert:

- Eg trur ikkje skulesekk trumfar matbudsjettet.

Det seier Stian Hansen, som sidan 2017 har jobba som pastor ved Hånes frikyrkje.

Pastor i Hånes frikyrkje: 
Stian Hansen.
 Foto: Madeleine Hamn

Pastor i Hånes frikyrkje:
Stian Hansen. Foto: Madeleine Hamn

Stigma

Han har dei siste fem åra delt ut skulesekkar til førsteklassingar, som lev i låginntektsfamiliar på Hånes. Årsaka til utdelinga er at foreldra ikkje har råd til å kjøpe sekkar til borna sine. Noko som medfører store konsekvensar for skulegangen vidare, meiner Hansen.

- Då røskar foreldra saman noko i full fart, og gir bornet sitt ein gammal og utslitt "Kiwi" sekk. Når ungen kjem du på skulen blir vedkommande mobba for det, fordi han eller ho ikkje har ordenteleg sekk. Då ber dei stigmaet på ryggen.

Fattigdom skapar segregering.
 Foto: Madeleine Hamn

Fattigdom skapar segregering. Foto: Madeleine Hamn

Merkepress

Mykje av dette stigmaet kan sjåast i samanheng med "merkepress" i skulegården, meiner han.

- Når du står der første skuledag med splitter ny Beckmann-sekk, er det ingen som har noko formeining om deg. For då er du berre normal, sant?
Verre er det ikkje.

Det nærmar seg skulestart i Kristiansand. Skulesekkane er allereie stilt opp i butikkane.
 Foto: Madeleine Hamn

Det nærmar seg skulestart i Kristiansand. Skulesekkane er allereie stilt opp i butikkane. Foto: Madeleine Hamn

Sørnett har sjekka ut prisane for skulesekkar frå Beckmann. Her varierer prisen frå 1000-2000 kr, avhengig av kor mykje utstyr ein skal ha.

- Det er ganske mykje pengar for dei som ikkje ha råd

Dyre prisar på ryggsekkar.
 Foto: Madeleine Hamn

Dyre prisar på ryggsekkar. Foto: Madeleine Hamn

Sjølv om fokuset er på borna, ynsker Hansen å tilretteleggje for at foreldra skal få sleppe skammen.

- Ynsket vårt er at foreldra skal senke skuldrane, å sei med stoltheit at "Vi har ordna sekk til vårt barn."

Men kva med dei som ikkje får jobb?
 Foto: Madeleine Hamn

Men kva med dei som ikkje får jobb? Foto: Madeleine Hamn

Dårleg råd

- Kva trur du er årsaka til at så mange foreldre slit med å betale?

- Du har vanlegvis hatt folk tidlegare som har klart seg med 2 % rente, men som i dag strever grunna auka mat, straum og husleie er jo enda dyrare.

Mange familiar i Kristiansand lev med låginntekt.
 Foto: Madeleine Hamn

Mange familiar i Kristiansand lev med låginntekt. Foto: Madeleine Hamn

Beskyldningar

- Har kyrkja fått kritikk for å gi bort ryggsekkar?

- Vi har jo blitt beskyldt for å indokrinere borna med kristendom. Vi meiner heller at rolla vår som kristne, er å gjere godt for dei rundt oss. Det vi gjer i denne samanhengen, er eine og åleine på bornas premisser. Hadde fylkeskommunen betalt ryggsekkar for alle borna, hadde ikkje vi hatt noko problem. Men fordi dete ikkje blir gjort, får man segregering på første skuledag.

Hånes frikyrkje.
 Foto: Madeleine Hamn

Hånes frikyrkje. Foto: Madeleine Hamn

Svimlande tall

I følgje dei nyaste tala frå SSB er det 12 % av borna i Kristiansand, som lev i fattigdom. Det tilsvarer rundt 2700 born, som er vedvarande fattige.

Sørnett har vært i kontakt med Kirkens bymisjon, og spurt kva dei syntes om tala:

Bymi
sjonskafeen.
 Foto: Madeleine Hamn

Bymi
sjonskafeen. Foto: Madeleine Hamn

- Det at det er 12 % av born som lev under fattigdom, eller som har vedvarande låg inntekt i byen, er eit svimlande tall. Det vil jo sei at det er nokre tusen born og unge, som lev under anstrengt økonomi.

Kva syns du om tiltaket som Hånes kyrkje har satt i gong?

- Det er viktig. Vi har også lurt på om vi også skal dele ut ryggsekkar. Med tanke på at så mange lev i fattigdom, ser vi at behovet for ryggsekkar er større. Så vi har også tenkt den vegen.

Seniorrådgivar i Kirkens Bymisjon: Ivar Kirkhus
 Foto: Madeleine Hamn

Seniorrådgivar i Kirkens Bymisjon: Ivar Kirkhus Foto: Madeleine Hamn

Tjukk lommebok

-Treng dei en skulesekk som du seier? Ja, då prøver vi å etterkomme det, seier Torill Holtan.

Ho er diakon i Frelsesarmeen, og jobbar både med vanskelegstilte og ressursterke familiar.

Foto: Madeleine Hamn

Foto: Madeleine Hamn

- Born er born uansett om dei er fattige eller ikkje. Så vårt hovudfokus er at dei ikkje skal kjenne seg fattige. Har mor og far det bra, har borna det bra. Og har borna det bra, så har mor og far det bra.

Kva tenker du om foreldre som må be om hjelp til å kjøpe ryggsekkar til borna sine?

- Det er ingen skam å be om hjelp. Av og til treng du hjelp, og av og til treng eg hjelp. Det kan jo være ulike årsakar til at dei treng hjelp. Det kan være dårleg økonomi, eller dårleg språk. Det er klart at vi av og til føler at vi skulle hatt fleire midler, slik at vi kunne møte etterspurnaden på skulesekkar f.eks.

Foto: Madeleine Hamn

Foto: Madeleine Hamn

.Kvifor er det så mange born i Kristiansand som er fattige, trur du?

- Den kartlegginga må være mykje djupare, fordi at det er så mange ulike grunnar til barnefattigdom. Du kan jo trivast godt på skulen, sjølv om du er fattig. Det er ikkje det som er problemet, men utryggheia som verkelig er avgjerande, og ikkje nødvendigvis tjukkelsen på lommeboka.

Foto: Madeleine Hamn

Foto: Madeleine Hamn

Komplisert

- Barnefattigdom er jo eigentleg eit dårleg ord. For det er jo ikkje borna som er fattige. Dei bur i ein familie som har for lite pengar, og mange og ofte kompliserte ting rundt det då.

Politikar i Arbeiderpartiet Jannike Arnesen, jobber for å få færre born som veks opp i fattigdom

Jannike Arnesen frå Arbeiderpartiet.
 Foto: Madeleine Hamn

Jannike Arnesen frå Arbeiderpartiet. Foto: Madeleine Hamn

- Det er jo langsam jobbing, også er det viktig at vi har pengar nok i kommunen slik at vi kan forebygge fattigdom i byen.

Ho skryt mykje av "Nye mønstre", som er familiekoordinatorar som går inn i den enkelte familien og hjelp til å rydde opp i økonomiske utfordringar, og andre vanskar.

- Dei gjer ein veldig flott jobb, og er bra og viktig for Kristiansand. med tanke på at familiekoordinatorar sørgjer for at det er færre born som veks opp i fattigdom. Dei følg dei også strategisk opp i fem år.

Bystyret bygget
 i Kristiansand.
 Foto: Madeleine Hamn

Bystyret bygget
i Kristiansand. Foto: Madeleine Hamn

Betyr mykje

Leiar i "Nye mønstre" Ingvild Skår Holm er nøgd med den frivillige innsatsen, som b.l.a Stian Hansen har gjort:

- Samarbeidet vårt med frivilligheita betyr mykje for familiene vi jobbar med. På generelt grunnlag er frivilligheita eit supplement til det offentlege rom som er sikkerheitsnettet i velferdsstaten. Frivilligheita bidreg til at born som lev i låginntekt kan delta på aktivitetar, feriar og oppleve tilhøyrsle. Frivilligheita gir mykje god hjelp og støtte til familiar i låginntekt, og er ein viktig samarbeidspartnar for det offentlege.

Rådhuset i Kristiansand.
 Foto: Madeleine Hamn

Rådhuset i Kristiansand. Foto: Madeleine Hamn

Tid

Pastor Stian Hansen og hans meinighet, har lagt inn mange frivillighetstimar i prosjektet:

- Vi har 3800 frivilligheitstimar. Det er ganske mange menneske som legg ned ganske mykje tid.

Er det verdt det?

- Når ungane kjem hit og spør "kan eg velge sekk? "Får eg lov", og dei går herifrå med splitter ny skulesekk, gir meg tårar i auga kvar gong. Det at dei får stå i sentrum, og får den verdien er heilt fantastisk.

Så min visjon er at dei ikkje skal bære skammen på ryggen første skuledag.

Ber stigmaet på ryggen.
 Foto: Madeleine Hamn

Ber stigmaet på ryggen. Foto: Madeleine Hamn