Sørnett

Kristenleiar meiner at regnbogeflagget trugar mangfaldet i samfunnet.

Bilete: Informasjonsleiar i NLM, Espen Ottosen, seier at han ser på regnbogeflagget som eit symbol på homofile sine rettar. FOTO: Pressefoto.

Bilete: Informasjonsleiar i NLM, Espen Ottosen, seier at han ser på regnbogeflagget som eit symbol på homofile sine rettar. FOTO: Pressefoto.

Informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband er uroa over heising av regnbogeflagg i barnehagar i Kristiansand. Han meiner at flagget kan ekskludere familier som ikkje støttar den kjønnsnøytrale ekteskapslova.

Publisert:

Tidlegare i veka kunne Sørnett fortelle om det kristne nettverket "Sammen for byen" som ikkje ynskjer å delta i inkluderingsveka "En by for alle" i Kristiansand. Grunnen er at kommunen hadde oppfordra barnehagar til å heise regnbogeflagg denne veka. Dei meinte at flagget var synonymt med organisasjonen FRI, medan ordføraren meinte at det er eit generelt symbol for mangfald og inkludering.

Espen Ottosen er informasjonsleiar i den kristne organisasjonen Norsk Luthersk Misjonssamband. Han er aktiv i ymse debattspaltar med eit konservativt kristent syn på seksualitet og kjønn, og ga i 2009 ut boka “Mine homofile venner”. Han er ikkje samd med pastorane i Kristiansand i at regnbogeflagget er eit symbol for organisasjonen FRI.

- Det er jo ikkje det. Flagget vert brukt breidare enn som så, og det er ingen som har tatt patent på det. Det vert også brukt internasjonalt som eit symbol for homofile. Så det eg tenker er at det er ikkje tvil om at dette er eit flagg som symboliserer kamp for homofile, seier Ottosen. 

Ottosen er heller ikkje samd i ordførar i Kristiansand, Harald Furre, sitt utspel om at flagget ikkje er særskilt knytt til FRI og homofile sine rettar. 

- Det kan godt hende at han vel å tenke slik om flagget, men då meiner eg at han tilhøyrer ein ganske sær minoritet. Dei aller fleste koblar dette til homofile sin kamp om rettigheter. 

I dag flaggar fleire barnehagar i Kristiansand med regnbogeflagg. Sjølv om Ottosen ikkje er samd i “Sammen for byen” si tolking av regnbogeflagget, er han likevel samd i at det er feil å heise flagget i barnehagar. Han meiner at heising av flagget i barnehagar trugar mangfaldet i samfunnet, og at dei aller fleste oppfattar det som ei støtte til den kjønnsnøytrale ekteskapslova.

- Sjølv om dei finst, så trur eg at det er få som tenker at det går an å flagge med regnbogeflagget og samstundes vere i mot dagens ekteskapslov. Difor sender ein eit negativt signal til foreldre som er mot ekskapslova om at her tenker vi éin ting om homofile sine rettar, avsluttar Ottosen.

Nyheter Vis flere

Flere trekker seg fra politikken
Kampen mot marin forsøpling

Kampen mot marin forsøpling

Forskere bak ny studie beregner 170 billioner plastpartikler ut i verdenshavene. I Norge slippes det 19 000 tonn med mikroplast ut fra norske kilder på land hvert år. Med mikroplast som en global forurensning finnes det heldigvis flere som kjemper mot marin forsøpling i Norge.