Sørnett

Auka løyving til Språkrådet

Løyva skal nyttast til etablering og drift av ein norsk språkbank. Det går fram av forslaget til statsbudsjett for 2010.

Publisert:

spraak

 

I forslaget til statsbudsjett viser regjeringa til stortingsmeldinga "Mål og meining" der Språkrådet fekk eit utvida språkpolitisk ansvar.

Når det gjelder bruken av dei auka midla i 2010, trekker regjeringa fram tre område: utvikling og meir tilgong på norsk terminologi, aktivt og initierande språkstyrkingsarbeid på eit breit felt og arbeid med andre språk enn norsk. Totalt vil regjeringa løyva 27,6 millionar kroner til Språkrådet.

Regjeringa føreslår vidare å løyva 8 millionar kroner til Nasjonalbiblioteket for å etablera ein norsk språkbank og byrja innsamlinga av språkressursane som skal inngå i banken.

Regjeringa trekker fram prosjektet «Klart språk i staten» – eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet – som «eit godt døme på eit tiltak som både er med på å fornya offentleg sektor og å gjera forvaltninga betre». Regjeringen går inn for å vidareføra prosjektet i 2010.