Sørnett

Frå KrF til Ap

NRK Sørlandet melder at Jan Oddvar Skisland stiller som nummer to på Arbeidarpartiet si liste til kommunevalet i Kristiansand neste år.

Publisert:

Den tidlegare KrF-ordføraren i Kristiansand får støtte av varaordførar Mette Gundersen. Og Gundersen seier til NRK at det er gledeleg å få han med på laget.

At Skisland har meldt seg ut av KrF, kom som ei overrasking på Torhild Bransdal, fylkesleiar i KrF.

- Det er aldri hyggjelig at nokon melder seg ut av partiet men eg ynskjer han lykke til, seier Bransdal til Sørnett.