Sørnett

Gler seg til vinter-OL

Emeline Fredriksen satsar på å vere med i OL om fire år. Foto: Privat

Emeline Fredriksen satsar på å vere med i OL om fire år. Foto: Privat

Emeline Fredriksen frå Kristiansand Skiklubb er ei lovande alpenist som gler seg til Dei olympiske leikar i Vancouver skal byrja. Og då særleg i alpint.

Publisert:

Emeline Fredriksen frå Kristiansand Skiklubb er ei lovande alpinist som gler seg til dei olympiske leikar i Vancouver skal byrja om to dagar. Og då særleg i alpint.

- Ja, OL er alltid spennande og eg håper dei norske herrene i alpint gjer det bra. Aksel Lund Svindal virka som å vere i god form og eg trur han klarer medalje.

Når kristiansandsjenta skal gjette på kor mange medaljar det blir på Noreg i OL, så har ho ingen peiling. Men ho trur det blir mange.

- Kor viktig er vinter-OL for Noreg?

– Det er viktig for mange, særleg i langrenn. Der trur eg Petter Northug gjer det bra. Og Maiken Caspersen Falla skal eg heie ekstra masse på sidan ho går på samme skule som meg.

Men Emeline Fredriksen som sjølv satsar på å vere med i OL om fire år, tykkjer det er synd at det berre er ei jente frå Noreg med i årets OL i alpint.

Trur på jentene

Leiar i Kristiansand Skiklubb Rolf Terje Karlsen, trur årsaken til dette er ein dårleg periode med lite rekruttering blant

[img12139_2RM]

jenter i alpint. Men han ser mange potensielle alpinistar i kvinneklassen i åra framover.

- Emeline Fredriksen er ei svært lovande utøvar som kan nå langt. Sjølv om alpinmiljøet i Kristiansand ikkje er det alt for store, har me eit godt miljø og gode treningsforhold på Hovden, seier han.

Både Emeline Fredriksen og Rolf Terje Karlsen håpar at den kvite vinteren i Kristiansand kan inspirere fleire til å byrje med skisport.

- Det kan vere vanskeleg å byrje med alpint i Kristiansand sidan den nærmaste treningsplassen er på Hovden, seier

Karlsen.

Satsar på rekord

Skigåar Per Arne Pedersen ser fram til OL i Vancouver.

[caption id="attachment_12234" align="alignright" width="199" caption="Per Arne Pedersen, ein av mange i skiløypa. Foto: Sigrid Engebakken"]skiløype
[/caption]

- Eg var i Lillehammer i 1994 og eg håpar at me kan slå gullmedaljerekorden me fekk då.

Han følgjer med på alt frå langrenn til curling og trur det er mange frå Noreg som kan gjer det bra.

- Noreg har alltid vore ein nasjon som har hevda seg i vinter- OL, og det inspirerer mange barn og unge.

Den ivrige skigåaren tykkjer det er heilt topp med så mykje snø i Kristiansand, og seier det er svært viktig  å komme seg ut på ski.

- Eg har budd her sidan 1968 og det har sjeldan vore så mykje snø så lang periode.  Eg ser både unge og gamle i spora, og det er kjekt, avslutter han.

Sport Vis flere

Storspilte i avskjedskamp
Ny trener på plass

Ny trener på plass

Gjennom januar har IK Start stått uten hovedtrener. Nå er problemet endelig løst for sørlandsklubben.

- Hvis amatørene blir borte, så blir travsporten borte