Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Arkivfoto
Det var hektisk for politiet i Kristiansand i natt. Over 60 forhold vart ringde inn.
Helene Reite
Publisert: 15.05.2011 kl 10:24
21.04: Politiet fekk melding om at nokon brann bål ved 3. stampe i Baneheia. Dei fekk stoppa det før det gjekk gale. Politiet melder om at det framleis er tørt og difor stor skogbrannfare i området.
21.55: Ein Mercedes e 240 vart meldt stolen på Møvig. Bilen har nummeret DJ 55535.
22.21: Ein mann vart stoppa i rutinekontroll ved Tinnheia. Politiet fann 100 gram amfetamin i bilen. Mannen hadde heller ikkje førarkort, og sit no i varetekt.
03.16: Ein åpenbart rusa 22 år gammal mann gjekk laus på ein politibil og lagde bulkar. Mannen sit no i varetekt.
I tillegg har kristiansandspolitiet vorte tilkalte på ei rekke restaurantar der det har vore bråk. Det har vore omlag tjue tilkallingar grunna vanskelege og kranglete personar.