Sørnett

Sei ifrå med eit klikk

Illustrasjonsfoto frå Kristiansand kommune sine heimesider.

Illustrasjonsfoto frå Kristiansand kommune sine heimesider.

Kommunen si nye MeldFra-teneste har gjort det lettare for folk å melde ifrå om problem i sitt nærområde.

Publisert:

- Vi ville gjere det enklare for folk å melde ifrå om saker i deira nærområde. På denne måten ville vi yte ein ekstra service for innbyggjarane i Kristiansand, seier saksbehandlar Anita Egeland Råbu.

Ho er nestleiar i Servicebutikken og saksbehandlar i MeldFra-tenesta. Nettsida vart oppretta 11. april, og har blitt tatt imot med åpne armar.

Trafikkfarer og søppel

- Det vart fort populært, og dei første vekene fekk vi opp mot ti saker om dagen. Det er stor variasjon i saker som vert meldt ifrå om, fortel Egeland Råbu.

Det er først og fremst tekniske forhold denne meldingstenesta er til for. Feilparkerete bilar, trafikkfarlege områder, forsøpling og veglys som manglar er nokre av sakene kommunen får daglege meldingar om.

- Intensjonen er at alle sakene skal verte løyst, men vi får også inn saker som ikkje er vårt område. Det er til dømes ikkje vårt bord om nokon klagar på at naboen ikkje betalar kommunale avgifter, seier Egeland Råbu.

Auka innsyn

Kristiansand kommune stiller seg no i rekka med fleire andre kommunar som har løfta servicen opp på eit høgare nivå.

- Tidlegare måtte folk ringe inn, sende e-post eller bruke ris og ros-sidene. Den nye sida er meir brukarvennleg og effektiv, seier nestleiaren.

Tenesta har også auka innsynet i kommunen sitt arbeid.

- Folk får også moglegheit til å følgje med på kva kommunen jobbar med. Alle kan gå inn og sjå kva som er meldt ifrå om, kva som er løyst og kva som er under behandling, seier Egeland Råbu.

Nøgde innbyggjarar

- Det ver mykje meir jobb for kommunen. Eg er den første som mottar meldinga, for så å sende saka vidare til riktig instans, seier saksbehandlaren.

Ho trur tenesta er komen for å bli.

- Vi har fått mange repsonsar frå folk som er særs nøgde, avsluttar Egeland Råbu.

Handla raskt

Hans Olav Hodøl frå Randesund har merka effekten av den nye tenesta.

- Det var to hol i vegen der vi bur. Eg ringde til kommunen, men det skjedde ingenting, seier Hodøl.

Då meld frå-tenesta kom i april, meldte han ifrå på nytt. To dagar etter var hola borte.

- Dette er veldig imponerande av Kristiansand kommune, seier Hodøl.

Han legg til at han vil fortsette å benytte seg av tilbodet viss det skulle oppstå noko.