Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Åtte av ti stortingsrepresentantar oppfordrar austegder til å stemme ja til eit Agder, melder Fædrelandsvennen i dag.
Helene Reite
Publisert: 16.05.2011 kl 11:00
- Med ein heil Agder-benk, som representerar eit fylke, vil ein få større kraft i å spele inn saker som er viktige for landsdelen, seier nestleiar i KrF og stortingsrepresentant for Vest-Agder, Dagrun Eriksen til Fædrelandsvennen.
Seks stortingsrepresentantar har skrive under på eit opprop som oppfordrar folk frå Aust-Agder til å stemme ja til ei fylkessamanslåing av Vest- og Aust-Agder.
Eriksen trur saker som til dømes helse og samferdsle kan vere lurt å samarbeide om.
- Jobbar fylkene saman om dette får ein eit felles trykk lokalt og frå Stortinget. Ved samanslåing vert vi det 6. største fylket. Det er makta som rår på Stortinget, seier stortingsrepresentant frå Aust-Agder, Kjell Ingolf Ropstad.
Politikarane trur ikkje samanslåinga vil gi meir makt til enkeltpolitikarar, men til Agder-benken på Stortinget.
Freddy de Ruiter frå Ap og Ingebjørg Godskesen frå FrP, som begge representerar Aust-Agder på Stortinget, har ikkje skrive under på oppropet. Dei fryktar at eit Agder vil svekke makta i aust.
- Eg trur austegdene stemmer nei til oppropet. FrP ønskjer å legge ned fylkeskommunen. Fram til dette leddet er borte, ser eg ikkje hensikta med at vi skal setje noregsrekord i å slå saman fylker, seier Godskesen.