Sørnett

Workshop med "Stopp hatprat":

Kor går grensa mellom hat og humor?

Foto: Madeleine Hamn

Foto: Madeleine Hamn

Sist fredag arrangerte Stopp hatprat ein workshop på Rådhuskvartalet i Kristiansand. Tema for kvelden var skilnaden mellom humoristiske utsegn og skadelege ytringar. Fleire engasjerte ungdommar tok turen, og fekk opplæring av ungdomsambassadørar.

Publisert:

"Hatprat" ambassadør Lilav Ali i samtale med ein av deltakarane på workshopen

"Hatprat" ambassadør Lilav Ali i samtale med ein av deltakarane på workshopen

Ungdomsambassadør i "Stopp hatprat" Lilav Ali, som har vore aktiv i bevegelsen sidan august 2023, er opptatt av at deltakarane ikkje skal finne eit fasitsvar på problemstillinga, men at dei heller blir utfordra til å få i gong ein tankeprosess.

Daut Haxhaj i diskusjon med ein anna deltakar, som ynsker å være anonym.
 Foto: Madeleine Hamn

Daut Haxhaj i diskusjon med ein anna deltakar, som ynsker å være anonym. Foto: Madeleine Hamn

For å setje i gong tankeprosessen, får deltakarane utdelt oppgåver. Ein av desse oppgåvene handlar om å rangere ulike utsegn som er henta frå verkelegheita.

-Det kan være kommentarar og ting som har vore sagt til enten enkeltpersonar eller grupper. Deltakarane får derfor i oppgåve å rangere kva dei syns er minst "ille", til det som er verst. På den måten får vi i gong ein diskusjon. seier Ali.

Fullt fokus når ulike utsagn skal rangerast.
 Foto: Madeleine Hamn

Fullt fokus når ulike utsagn skal rangerast. Foto: Madeleine Hamn

Til refleksjon

Ein av deltakarane som har bryna seg på dette, er nestleiar i Fri Agder, Kristin Evina.

-Når vi skulle plassere korta, syns eg at det var ei fin oppgåve, som fleire sikkert kunne ha reflektert over. Samtidig syns eg det var vanskeleg. Særleg med alle ytringane som i grunnen var ganske ille.

Utfordringar i Kristiansand

Ho meiner også at det kan være viktig å tenke på at ytringsfridom ikkje berre er ein bra ting, sjølv om det også kan høyres flott ut.

- I Kristiansand har vi ein veg å gå, i forhold til ytringsfridom mot enkelte minoritetsgrupper. Spesielt hatprat mot den skeive befolkninga, ungdommer og etniske minoritetar.

Kristin Evina, som er nestleiar i Fri Agder, opnar seg opp om eigne erfaringar.
 Foto: Madeleine Hamn

Kristin Evina, som er nestleiar i Fri Agder, opnar seg opp om eigne erfaringar. Foto: Madeleine Hamn

Samtidig skryt ho av ungdommane på kveldens workshop, som ho beskriv som reflekterte. Det gjev også håp for framtidige generasjonar.

Deltakaren Alexandra Joy Messel Øhrn-Fredwall deler sine refleksjonar under kveldens workshop
 Foto: Madeleine Hamn

Deltakaren Alexandra Joy Messel Øhrn-Fredwall deler sine refleksjonar under kveldens workshop Foto: Madeleine Hamn

God lærdom

Også Ali skryt av ungdommane, og meiner også at dei har fått god nytte av kveldens workshop.

- Vi har fått utfordra deltakarane til å tenke seg meir om. På den måten kan dei tenke tilbake på workshopen vi har hatt, når dei står i ein lignande situasjon. Slik kan dei også være meir bevisst på skilnaden mellom hat og humor.

#Stopp hatpratVis flere

#WorkshopVis flere