Styrker fritidstilbodet for unge asylsøkarar
Redd Barna Kristiansand inngår no samarbeid med Røde Kors. Saman vil dei gi barn og unge på asylmottak ei meir fargerik fritid.
Publisert: 07.02.2011 kl 11:50
Kvar måndag kan barn og unge asylsøkarar i alderen 3-18 år komme på “Kjellaren” på bedehuset i Dronningens gate. I dag vil fleire frivillige frå Røde Kors vere med for første gong.
- Tilbodet er gammalt, men samarbeidet er heilt nytt. Eg trur det vil gi arbeidet eit nytt løft, seier regionskonsulent for Redd Barna Kristiansand, Rune Stormark.
Edmund Birkedal er frivillighetskoordinator i Kristiansand Røde Kors.
-Vi ser eit stort behov for slikt arbeid i Kristiansand. Vi ønskjer difor å bidra med våre frivillige i dette, seier Birkedal.
Vil gi verdig liv
- Det er kort fortalt ei sosial greie, der dei får gjere normale aktivitetar. Det kan vere brettspel, pizza, kino, teater eller uteaktivitetar, seier Stormark.
Målet er å betre integreringa av asylsøkarane i byen.
- Å bu på asylmottak kan vere tøft og tungt. Vi ønskjer å komme inn med hjelp i denne fasen, og gi dei eit verdig liv og ein lysare kvardag, seier Birkedal.
[img33338_2RS]Samarbeid
Begge partar er positive til samarbeidet, og trur det å stå saman gjer ein sterkare i arbeidet for integrering av asylsøkarar.
- Vi får fleire frivillige å spele på, noko som gjer at vi får moglegheit til å utvide arbeidet. Vi vert meir fleksible og kan ha fleire aktivitetar. Det vert også lettare å reise ut på større utflukter, seier Stormark.
Initiativet kom frå Røde Kors. Dei ønskte å gi barn og unge på asylmottak eit fritidstilbod, men fekk beskjed om at Redd barna allereie hadde eit slikt tilbod. Dei bestemte seg for å slå seg saman.
Trur på engasjement
- Vi har lenge hatt problemer med å skaffe frivillige flyktningeguidar, spesielt menn, seier Birkedal.
Men frivillighetskoordinatoren trur det vert lettare å få frivillige til dette tilbodet.
- Eg trur folk ser at det kan vere tøft for barn å vere på asylmottak. Det er ein vanskeleg fase i livet, avsluttar han.
Nyheter Vis flere
Forskere bak ny studie beregner 170 billioner plastpartikler ut i verdenshavene. I Norge slippes det 19 000 tonn med mikroplast ut fra norske kilder på land hvert år. Med mikroplast som en global forurensning finnes det heldigvis flere som kjemper mot marin forsøpling i Norge.