Sørnett

The Game entrar scena på Kick i kveld

Bookingansvarleg, Christoffer Nausdal Hjelm tykkjer det er stort at The Game kjem til Kristiansand. FOTO: Sigrid Engebakken

Bookingansvarleg, Christoffer Nausdal Hjelm tykkjer det er stort at The Game kjem til Kristiansand. FOTO: Sigrid Engebakken

I kveld klokka 20.00 er det storkonsert på Kick med rap-artistenThe Game.

Publisert:

Bookingansvarleg for kveldens konsert, Christoffer Nausdal Hjelm, trur konserten i kveld blir galskap og kaos på ein god måte.

 - Me har allereie solgt 500 billettar og eg trur det blir utsolgt i kveld, sidan det er mange som kjøper i døra, seier Hjelm. 

Kvifor kjem The Game til "lille" Kristiansand?

- The Game har gjesta byen før under Quartfestivalen i 2005 saman med Snoop Dogg. Han likte seg godt då, så ville gjerne komme igjen. Det at The Game kjem tilbake og spelar på ein klubb, er veldig stort.

Då tredjeplata "LAX" kom ut i 2008 hadde The Game eigentleg bestemt seg for at det skulle vere has siste plate, men skjebna ville det anleis. Og i 2009 starta han arbeidet med "The R.E.D Album" saman med produsentene Timbaland og Drumma Boy.