Klargjør siden...
Sørnett

Bachelor Expo ved UiA

Her står Hallgeir Nilsen ved inngangen til Expoet.
 Foto: Jakob Ulvund

Her står Hallgeir Nilsen ved inngangen til Expoet. Foto: Jakob Ulvund

Hallgeir Nilsen er ein av hovedarrangørane for bachelor-expoet på UiA. Dette er eit arrangement der studentane får vist fram kva bachelorprosjekta deira går ut på.

Publisert:

Sist oppdatert: 24.05.2024 kl 09:24

- Poenget med expoet er å vise fram alt det gode arbeidet studentane har gjort. Men ikkje berre til dei som har dreve med oppgåvene sjølve med også til så mange andre som mogleg. For oss er det eit poeng å vise fram kor utruleg mykje godt arbeid som gjerast og det breide samarbeidet dei alle dei forskjellige bedriftene vi jobbar saman med.

- Vi gav firmaet vi jobba for ein måte å kartlegge CO2 utsleppa sine på slik at dei lettare kan forstå kva dei må gjere for å nå måla sine om utsleppsreduksjon, fortel Katrine Huynh.

Huynh er saman med Dominykas Zuoza to av bachelor-studentane som har jobba med bedrifta Capgemini. Dei fortel at dei illustrerer kor omfattande CO2 utslepp er ved samanlikna vekta av utslepp med vekta til for eksempel Eiffeltårnet.

Moninykas Zuoza og Katrine Huynh er to av bachelor-studentane på UiA som har jobba med å utvikle eit system som kan kartlegge og samanlikne CO2-utslepp med andre objekt for å gjere det meir forståeleg for forbrukarane
 Foto: Jakob Ulvund

Moninykas Zuoza og Katrine Huynh er to av bachelor-studentane på UiA som har jobba med å utvikle eit system som kan kartlegge og samanlikne CO2-utslepp med andre objekt for å gjere det meir forståeleg for forbrukarane Foto: Jakob Ulvund

- Formålet med dette prosjektet er å gi bedrifta meir innsikt i eige miljøfotavtrykk. Dette kan dei gjere ved å lettare identifisere sektorar som avgjer mykje utslepp, og deretter adressere dette.

Ein annan bachelor-student som presenterer arbeidet sitt på ekspoet er Hassan Heidari saman med blant anna Frida Valvik. Dei fortel at dei har utvikla noko ganske liknande ChatGPT.

- Eit vanleg problem i fleire bedrifter er at du må leite lenge i filsystemet for å finne det du er ute etter. Poenget er at du med denne applikasjonen kan laste ned store dokumenter relatert til kva du vil. Etterpå kan du søke etter konkrete poeng i teksta utan å måtte bruke lang tid på å finlese teksta, fortel Hassan

På spørsmål om korleis denne applikasjonen skil seg frå blant anna ChatGPT svarar Hassan at denne applikasjonen bruker filer du sjølv laster ned for å gi eit meir spissa søksfelt.

- Som sagt så må du sjølv laste opp filer du ønsker den skal vite noko om, imens ChatGPT har all den generelle kunnskapen frå før, men kan gjerne mangle litt meir spissa kunnskap som du vil trenge.

Frida Valvik og Hassan Heidari er to at bachelor-studentane som har jobba med å utvikle ein kunstig intelligens for firmaet Edge Consulting som kan hjelpe folk med å finne informasjon dei tidlegare har lasta opp i applikajsonen
 Foto: Jakob Ulvund

Frida Valvik og Hassan Heidari er to at bachelor-studentane som har jobba med å utvikle ein kunstig intelligens for firmaet Edge Consulting som kan hjelpe folk med å finne informasjon dei tidlegare har lasta opp i applikajsonen Foto: Jakob Ulvund

- Personalhandbøker til døme. Der bruker ofte å være ganske lange. Så i staden for å måtte sitte å bla side etter side, kan du laste den opp i denne applikasjonen, spørre om det du vil, og da får du svaret innan nokon få sekunder, fortel Valvik.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.