Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Tårevått: Sanne Bak Pedersen var tydeleg emosjonell etter kampen mot Larvik. Foto: Andreas Hopen
Sanne Bak Pedersen har vore med på Viperseventyret sidan 2011, og to år seinare fekk ho besøk av islandske Thorey Stefansdottir. No har begge spelt sin siste kamp i Aquarama, og for ei avslutning det vart.
Andreas Hopen
Publisert: 19.05.2017 kl 12:29
Etter kampen var det mykje kjensler i sving for fleire av spelarane. Blant dei var Thorey Stefansdottir og Sanne Bak Pedersen som begge forlet klubben etter sesongen. Bak Pedersen er den spelaren som har vore i Vipers lengst av spelarane, og då vart det ei umogleg oppgåve å halde tårene tilbake.
- Dette var heilt magisk. Stemninga i hallen og innsatsen til laget. At vi slår Larvik to gonger på rad visar stega vi har tatt. Når vi slår dei to gonger på rad kan ein sjå at det ikkje var tilfeldig, seier ein gråtkvalt Sanne Bak Pedersen som skal spele for Grane Arendal neste sesong.
Dansken er klar på at leiinga ikkje er noko å tenke på inn mot bortekampen fyrstkomande søndag.
- Vi vann berre med eit mål, og det er jo ingenting. Vi må ta skalpen borte også om vi skal greie det her, seier kantspelaren som anser seg sjølv som sørlending etter mange år i Kristiansand.
Les også: Taktisk justering sendte Aquarama til himmels.
[img162745_2LM]
Også Thorey Stefansdottir vart takka av etter kampen. Islendingen kom til Vipers i 2013 og har no bestemt seg for å reise heim til neste år, også ho måtte ta til tårene då publikum reiste seg for å hylle lang og tru teneste.
Les også: No er Vipers klare
JEJUNE med rykende fersk debutskive: