Sørnett

Er nettet farlig for norske barn?

Omlag 8 % av norske barn bekreftar å bli mobba på internett og fleire har kome over upassande og trakasserande innhald.

Publisert:

Dette kjem fram i resultata av undersøkinga EU kids online, at norske barn er meir utsatt på nettet enn barn i andre  europeiske land. Nettet er meir tilgjengeleg for norske barn sidan det finnast i dei fleste heimane, og barn er på internett i stadig yngre alder, visar undersøkinga.

Ubehagelege nettopplevingar

Mange norske barn svarar ja på om dei har opplevd ubehagelege ting på nettet. Omlag 20 prosent av norske barn har enten sett eller mottatt meldingar med seksuelt innhald på nettet, 34 prosent har kome over seksuelle bilete på nettsider og 23 prosent har opplevd forstyrrande innhald. I andre europeiske land er prosenten mykje lågare. Både barn i alder 9-10 år og eldre barn opp til 15-16 åringar har vore utsatt for slikt innhald.

Elisabeth Staksrud, førsteemanus ved universitetet i Oslo, seier til Aftenposten at høge tal på barn som har opplevd digital mobbing og motteke upassande meldingar på nettet i Noreg, viser at dette er noko dei må gå inn og ta tak i, spesielt i skular.

Mest brukt heime

Mesteparten av internettbruken går føre seg i heimen, og 66 % brukar det på sitt eige rom. Sidan fleire norske barn har eigen mobiltelefon, og andre trådlause utstyr som gjer internett lettare tilgjengelig, er det også med på å auke forbruket. Norske barn dominerer bruken av andre plattformar enn pc til internett aktivitetar. Talet er mykje høgare enn i andre europeiske land.

Bruken auker med alderen

Dei fleste 9-10 åringane bruker omkring ein time på nettet, og når barna blir eldre blir timane ein brukar på internett fleire. Dei mest populære aktivitetane blant borna er alt i frå videoklipp, skulearbeid og sosiale nettverkssider, til internettspel enten med seg sjølv eller mot andre. Generelt seier undersøkinga at norske foreldre er nokså flinke med å følgje med på borna sine vaner, men at tala visar at det framleis er eit forbetringspotensiale.