Sørnett

Får hjelp frå Antirasistisk Senter

Oslofolk måtte til: Mona Mauseth Evensen (29) leder Jobb X på Antirasistisk Senter i Oslo, og skal no hjelpe Edward Jada. Foto: Privat.

Oslofolk måtte til: Mona Mauseth Evensen (29) leder Jobb X på Antirasistisk Senter i Oslo, og skal no hjelpe Edward Jada. Foto: Privat.

- Dette kan vere diskriminering, seier Antirasistisk Senter til saka om Edward Jada. Dei skal no hjelpe han med å finne jobb.

Publisert:

10. februar skriv Sørnett om den høgt utdanna Edward Jada frå Uganda. Han har budd tjue år i Noreg, har teke to mastergrader, men stort sett jobba som lagerabeidar og jordbærplukkar. Då Antirasistisk Senter las saka reagerte dei med handling umiddelbart. Dei vil no følgje opp saka vidare.

Mistenker diskriminering

- Hittil ser det ut til at dette er diskriminering, men vi kan enno ikkje slå dette heilt fast. Vi vil sjå nermare på saka, seier Mona Mauseth Evensen, som er leiar for Jobb X, ei avdeling under Antirasistisk Senter.

Dei tek sterk avstand til eventuell navnskifte for å få jobb.

- Dette meiner vi blir heilt feil. Vi er einige med Edward i at han må vere den han er, seier Mauseth Evensen.

Handla raskt

[sniplet faktaboks]Straks Antirasistisk Senter hadde lese saka gjekk dei igong med jobbleiting. Dei endte opp med fem relevante og ledige stillingar i Kristiansand og omegn. Desse jobbane er hos Strømmestiftelsen, Fylkesmannen, eit par konsulentstillingar i Søgne, samt ei i Agder politidistrikt.

- Vi meiner dette er svært relevante jobbar som han burde ha gode sjansar for å få, seier Mauseth Evensen.

Vil spisse søknaden

- Viss han er interessert vil vi gjerne bistå med råd og vegleiing i søknadsskriving, seier Mauseth Evensen, og legg til at dei også vil hjelpe han med å leite etter dei jobbane som han ikkje er overkvalifisert til.

I første omgang vil dei sjekke korleis han presenterer seg sjølv når han no kanskje skal søke på dei fem foreslåtte jobbane i Kristiansand.

- Det er viktig med den riktige framtoninga når ein skriv søknad, seier Mauseth Evensen.

Edward Jada seier i artikkelen at han har vore på utallige kurs og vegleiingssamtalar om jobbsøking.

- Men kurs i seg sjølv gir ingen garanti for jobb. Det fins mange dårlege. Vi ønskjer no å gå inn i ein dialog med han, så får vi ta der derifrå. Vi kan ikkje love noko, men vi trur at dei jobbane vi har funne er heilt perfekte for han, avsluttar Mauseth Evensen.

 

 

 

 

 

[img34717_2LM]

 

Takksam og glad

- For første gong er det nokon som reagerar, seier Jada, då han får vite om Antirasistisk Senter sin reaksjon på saka.

Han er særs takksam og glad for den hjelpa han no vil få.

- Vanlegvis opplever eg at folk berre lytter, men ikkje gjer noko når eg fortel om min situasjon. Det følest godt å endeleg få respons. Eg håpar dette vil hjelpe, avsluttar Jada.