Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Ronny Homme, leiar i den frivillige organisasjonen BUTO (Born og unge treng oppmuntring). Foto: Madeleine Hamn
Mobbetala frå årets Ungdata-undersøking i Kristiansand viser ei tydeleg auking frå 2022. Ronny Homme frå organisasjonen BUTO syntes at tala er vonde å lese.
Madeleine Hamn
Publisert: 24.06.2025 kl 11:40
- Kan eg bruke sterke ord? Det er heilt for j**leg.
Det er reaksjonen som Ronny Homme gjev oss, når han les at tala på born og unge som blir mobba i Kristiansand har auka.
Foto: Madeleine Hamn
Homme blei sjølv mobba då han var liten, og slit derfor med etterverknadar som depresjon, angst og posttraumatisk stress som følgje av plaginga.
- Det heng jo med deg og skadar deg vidare opp igjennom. Ein får jo dårleg sjølvtillit.
Det overasskar meg veldig at det er så mange som blir plaga, seier han.
Tidlegare i vår presenterte folkehelsekoordinator Hanne T. Haukom tal frå Ungdata-undersøkinga, for formannskapet i Kristiansand.
Folkehelsekoordinator Hanne T. Haukom. Foto: Arkivfoto/Madeleine Hamn
Dette er undersøkinga som Kristiansand kommune henviser oss til, når Sørnett spør om statistikk frå nylege mobbetal.
Ungdata-undersøkinga er ei levekårsundersøking som tek føre seg heile livet til born og unge.
I Kristiansand blir undersøkinga gjennomført kvart tredje år, på borne- ungdom- og vidaregåande skular rundt om i byen.
Resultata frå Ungdata-undersøkinga blir brukt som kunnskapsgrunnlag, når kommunen skal utvikle nye planar og tiltak. Foto: Madeleine Hamn
- Dei fleste av tala har holdt seg ganske stabile over tid, men med nokre variasjonar. Det er til dømes ein auke i andelen born og unge som opplever å bli mobba, seier ho.
I skjemaet under kan ein sjå kor mange prosent som svarer at dei er utsett for plaging, truslar eller utfrysning.
Mobbetal frå Ungdata-undersøkinga 2025. Foto: Hanne T. Haukom
For å motverke at tala aukar ynsker Ronny å glede born og unge med organisasjonen sin BUTO.
BUTO er ei forkorting for: Born og unge som treng oppmuntring, og vart oppretta under pandemien i 2020.
Eit lågterskeltilbod med eit formål om å gje born og unge eit avbrekk i ein elles krevjande kvardag.
Ungdommane som kjem hit opplever enten mobbing, vald i relasjonar, eller at ein får ei påskjøning for å ha gjort ferdig leksene sine.
Tryggleik er viktig å ha når man ferdast på sjøen. Foto: Madeleine Hamn
Det treng ikkje alltid å vere ei trist historie. Berre du har lyst til å sitte på ein vasskutar er du velkommen, seier han.
- Kvifor akkurat vasskutar?
- Tiltaket vårt er inspirert av organisasjonen «På hjul mot mobbing», som tek med unge mobbeofre på køyreturar i kule bilar. Slike bilar har eg ikkje hatt økonomi til, så derfor har eg heller prioritert å kjøpe vasskutar.
- Kva er reaksjonane hjå deltakarane som har hatt ein tur på vasskutar?
- Når vi kjem inn på land vil dei gjerne vere med på fleire turar. Så der har vi 100% smilegaranti.
Frivillige Tor Espen Sneltvedt er svært nøgd etter turen. Foto: Madeleine Hamn
Det er alltid passasjerane som bestem farta. Målet vårt er jo at ingen skal vere redde når dei sit på, seier Homme.
Rebekka Talgø Olsen som jobbar i organisasjonen «På hjul mot mobbing» syntes det er stas at BUTO hentar inspirasjon frå dei:
- Det er kjekt å sjå at andre hentar inspirasjon frå oss som organisasjon, samt at dei er med på kampen mot mobbing og utanforskap.
Vidare legg ho til:
- Det er mange born som har det tøft når det kjem til mobbing, og dessverre ser man at det blir enda fleire. Vi veit at mobbing kan ha alvorlege konsekvensar og i verste fall ha døyeleg utfall.
- Det er mange born som har det tøft når det kjem til mobbing, og dessverre ser man at det blir enda fleire.
Vi veit at mobbing kan ha alvorlege konsekvensar og i verste fall ha døyeleg utfall.
Bilen "Lynet" bli skaffa av organisasjonen for å skape ekstra glede for born og unge. Foto: Magnus Winther
Idear om å ta sitt eige liv har streifa Ronny Homme fleire gongar. Då har turar med vasskutaren vore ei redning.
Det som gleder han mest er når ein ungdom skal sitje på vasskutaren for første gong.
Ein som skal ha sin første tur på skuteren er Ole. Han er med saman med mor Kathrine.
( Mora deltek opent i reportasjen, men ynsker ikkje at hennar eller sonens etternamn skal publiserast. Av hensyn til gutens personvern har Sørnett vald å sladde andletet hans.)
Ole øver seg på å styre vasskutaren på land før han skal ut på sjøen. Foto: Madeleine Hamn
Kvifor er dykk her i dag?
- Ei veninne av meg kontakta BUTO for å høyre om dei kunne gje ei ekstra merksemd på fødselsdagen til sonen min. Det er jo ikkje kvar dag at ungen min får køyre vasskutar.
Litt dramatikk blei det likevel då skuteren havarerte på vatnet.
Derfor måtte frivillige Tor Espen Sneltvedt hente ein ny skutar, som Ole kunne sitje på.
Han var sjølv ordknapp etter turen, men hadde dette å formidle til oss i etterkant:
Det å gje enkeltmenneske eller grupper ein betre kvardag tenker eg er kjempefint, seier Philip Lyding. Han er verksemdleiar i Blå Kors sin chatteteneste: "Snakk om mobbing".
Philip Lyding blei ansett som ny verksemdleiar i Blå kors chattetenester, mars i fjor. Han har tidlegare jobba i NAV. Foto: Madeleine Hamn
Chattetenesta er retta mot born og unge i alderen 9-19 år, som har blitt mobba, eller utset andre for mobbing.
- Mobbinga som ungdommane opplever er både verbal og fysisk, men også utestenging som foregår i sosiale medium.
"Snakk om mobbing" er ei chatteteneste som er opent frå søndag til torsdag. Her møtes ulike fagfolk for å snakke med born og unge. Foto: Madeleine Hamn
Lyding er klar på at eit tiltak som BUTO kan bidra til at born og unge får være med i eit fellesskap, som dei elles ikkje ville ha opplevd.
- Det å komme på skulen dagen etter og fortelje til klassen at ein har gjort noko gøy. Kan være ein liten inngangsport til å skaffe seg nye vener.
Kva syns du om at mobbetala aukar i Kristiansand?
- Vi kan ikkje lenger som samfunn akseptere at ein så stor andel av born- og ungdomsbefolkninga blir utsett for mobbing og utestenging. Tala er rett og slett vonde å lese.
- Mobbing og utanforskap er eit stort samfunnsproblem, som vi i partiet Sentrum jobbar mot.
Det seier Irene Solli som er lokalpolitikar i Kristiansand.
Irene Solli. Foto: Madeleine Hamn
- Kva er løysinga på å redusere mobbetala i Kristiansand?
- Kommunen vår kan ikkje løyse alle problema sjølve. Vi er derfor avhengig av frivillige organisasjonar som til dømes BUTO, som aktivt jobbar mot mobbing og utanforsskap.
Ho legg til:
- Ein barndom skal jo vare resten av livet. Derfor må vi investere i den på eit tidleg tidspunkt. I det lange løp, vil det koste meir for samfunnet å reparere vaksne menneske.
Foto: Illustrasjonsbilete/Madeleine Hamn
- Om ikkje born og unge har det godt kan vi heller ikkje fortsette som samfunn. Det er jo ungdomen som er framtida vår, svarar Homme.
Derfor syntes eg det er sjukt at mobbetala framleis aukar.
Vi lev jo tross alt i 2025, avsluttar han.
Treng du nokon å snakke med?
Mental Helse: 116 123 Kirkens SOS: 22 4000 40 Akutt hjelp: 113