Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
I samband med at Noreg feirar 100 år med allmenn røysterett er det ulike arrangement gjennom inneverande år.
Olin Maria Yri
Publisert: 23.01.2013 kl 10:57
11. juni 1913 la fire stortingsmenn frå Vest-Agder fram det endelege forslaget til vedtak i Stortinget som gav lik røysterett for kvinner og menn i Noreg. Med det var Noreg blant dei første landa i verda som innførte allmenn røysterett for kvinner og menn. I kommunane i Vest-Agder vil jubileet bli markert gjennom ulike arrangement gjennom heile 2013. Ragna Marie Henden er komitéleiar, og har hovudansvaret for jubileet i Kristiansand.
Lokale arrangement
- Det er ei rekkje lokale arrangement, som konsertar, filmar og konferansar rundt om i kommunane i Vest-Agder. 8. mars er det nasjonal opning av Stemmerettsjubileet i Kilden, som også vil bli sendt på NRK1, seier Ragna Marie Hende og legg til at representantar frå det offentlege Noreg vil vere til stades.
Blant andre vil statsminister Jens Stoltenberg, kong Harald og kronprinsesse Mette Marit delta. 11. juni er jubileumsdagen, og kanskje den dagen vi fokuserer mest på, seier ho.
- På sjølve jubileumsdagen er det ein regional konferanse og konsert i Kilden. Det er også fire store historiske kvinner som er valt ut til å feirast nasjonalt.
Camilla Collet
Av dei fire historiske kvinnene fokuserer Vest-Agder mest på Camilla Collett, sidan ho var frå Kristiansand. I dag er det to hundre år sidan ho vart født. Dette blir markert med lansering av den nye biografien «Camilla Collett – født Wergeland» av forfattar Line Baugstø. I tillegg er det premiere på dramastykket «Not just an angel» i Kristiansand Domkyrkje og eit foredrag i Kilden.
- Bruk røysteretten
- Jubileumsåret 2013 feirar vi at det er 100 år sidan Noreg fekk eit ordentleg demokrati, der kvinnene fekk røysterett og likestilling vart eit faktum. Det er viktig å bruke den røysteretten som vi fekk i 1913. Derfor oppmodar eg alle til å bruke røysteretten no i september, seier Ragna Marie Henden.
For å skape engasjement hos befolkninga, og då spesielt hos unge og førstegongsveljarar, er det laga eit nasjonalt opplegg. Det er også spesielt viktig at det er debattar i undervisninga i skulane. I Vest-Agder skal det vere ein konkurranse for 8.klasse, som går ut på å lage ein video på tre minutt der temaet er røysterett. I tillegg er det sett i gong spesielle tiltak retta mot førstegongsveljarar i andre og tredje klasse på vidaregåandeskule.
Røysterett er ein stor del av demokratiet, og etter 1913 kunne alle stemme uavhengig av kjønn. Demokrati tyder folkestyre, og kvar enkelt stemme tel. Retten til å røyste er lite verd om ein ikkje nyttar seg av den.
Ikkje planlagt å gå
Vi møtte Åse Uleberg (47) og førstegongsveljar Ann-Mari Tønnesland (17) i Markens. Sjølv om dei tykkjer røysterett er viktig i dag, har ingen av dei planlagt å gå på nokre av arrangementa som blir arrangert i samband med røysterettsjubileet.
- Eg får sjå. Kan godt vere eg går på noko, men eg tar det litt som det kjem, seier Åse Uleberg.
Dei synest det er sentralt i eit demokrati å ha ein offentleg debatt, der alle som vil får vere med. Det er einaste forma vi har til å vere med på å bestemme, uansett kjønn. Begge skal bruke røysteretten ved stortingsvalet komande haust.