Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Etter det Sørnett erfarer skal Jervs 21-år gamle Michael Ogungbaro på det næraste vere klar for Start.
Andreas Hopen
Publisert: 02.02.2018 kl 12:17
Sportsleg leiar i Jerv, Cosmo Collett er ute på reis og er ikkje oppdatert i saken, men til Sørnett seier han dette.
– Eg veit ikkje siste utvikling i saken, men det har vore samtalar mellom Start og Jerv på fleire spelarar, deriblant Michael, seier Collett på telefon.
Etter det Sørnett erfarer skal klubbane vere einige om overgangssum, og nigerianaren skal bli presentert innan mandag. Sørnett har ikkje lykkast i å oppnå kontakt med hverken sportsleg leiar i Start Tor Kristian Karlsen eller dagleg leiar Rune Jakobsen i Jerv
Les også:
Dennis Antwi klar for ny OBOS-klubb
Nigerianske Michael Ogungbaro har blitt sett på som eit stort talent i Jerv, og fleire klubber i Norge har hatt eit godt auge til den defensive midtbanespelaren. No kan det sjå ut som at 21-åringen ender opp i naboklubben Start.
FVN skriver i sin artikkel at Tor Kristian Karlsen ikkje vil uttale seg om saken. Til samme avis seier Jerv-trener Arne Sandstø følgjande.
– Eg veit at det har vore interesse fra Start, seier Sandstø utan at han vil utdjupe noko meir overfor avisa.