Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Få passasjerar: Haga Buss opplever at færre passasjerar enn ønska brukar tilbodet deira.
Haga Buss og Avinor er ikkje einig i kven som har ansvaret for at flybusstilbodet i Kristiansand ikkje er betre
Publisert: 12.02.2014 kl 12:46
Ein undersøkelse utført av Transportøkonomisk institutt på oppdrag frå Avinor viser at passasjerane på Kjevik er blant dei dårlegaste i landet til å bruke kollektivtransport. På ein avgang med flybussen kan det vere så lite som fire passasjerar ombord. Det er sjeldan meir enn ti til tolv passasjerar i bussen. Dagleg leiar i Haga Buss, Rajinder Sing Rihal, meiner at det er Avinor sin feil at det er så mange tomme seter.[faktaboks]
Feil fokus
- Istadenfor å byggje nye parkeringsplassar, så må Avinor heller satse på kollektivtrafikken, seier Rihal. Han meiner at så lenge Avinor satsar på utbygging av parkeringsplassar for privatbilar, vil folk nedprioritere kollektivtransport.
- Utviklinga på Kjevik er veldig negativ slik det er no. Avinor gjer ingenting for at fleire passasjerar skal bruke kollektivtilbodet.
På grunnlag av etterspurnad
Lufthavnsjef Thomas Langeland meiner Rihal legg skulda over på nokon andre enn seg sjølv:
[img106146_2RS]
- Haga Buss får moglegheit til å reklame for sitt tilbod med avgangstider og liknande på flyplassen. I tillegg så har vi informasjon på vår heimeside om flybusstilbodet. Dei som ønskjer å bli orienterte har alle ei moglegheit til å sjå kvar flybussen går frå. På toppen av det heile får Haga Buss lov til å parkere rett på utsida av flyplassen, så dei kan ikkje unngå å sjå bussen. Haga Buss får altså ei vesentleg betre eksponering enn andre offentlege transportformer, som til dømes drosje.
Opp til den enkeltreisande
Med 16 avganger til og frå Kjevik i døgnet, blir det lagt opp til at fleire passasjerar skal benytte seg av tilbodet enn det er i dag. Både Langeland og Rihal har ein mistanke om kva som gjer at parkeringsplassane blir fylt opp, og ikkje busseta:
- Det kan ha noko med å gjere at mange av passasjerane på Kjevik er frå småbygder rundt Kristiansand, eller at pendlarar ikkje opplev at flybusstidene stemmer overens med avgangane, seier Rihal.
- Haga Buss er eit eigenfinansiert selskap, og Rihal er avhengig av å drive det på kommersielt grunnlag. Vi legg til rette for både kollektivtransport og privatbilisme, men kven som foretek valet i forhold til bruk er jo den enkeltreisande, uttalar Langeland.
JEJUNE med rykende fersk debutskive: