Sørnett

Kommentar: Julehandel -fråtsing til å bli kvalm av.

JULEHANDEL: Snart byrjar julehandelen for fullt, nordmenn vil i år bruke 48,5 milliardar kroner i desember. ILLUSTRASJONSFOTO: Øystein Dypedal

JULEHANDEL: Snart byrjar julehandelen for fullt, nordmenn vil i år bruke 48,5 milliardar kroner i desember. ILLUSTRASJONSFOTO: Øystein Dypedal

-fråtsing til å bli kvalm av.

Publisert:

Vi rundar snart midten av november og det er på høg tid å varme opp tastefingaren, og dra fram visakortet. I desember skal nordmenn svi av 48,5 milliardar kroner på handel. Gledelig jul!

HSH, hovedorganisasjonen for handel og tenester i Noreg, meldte nyleg at årets julegåvehandel vil auke med fem prosent samanlikna med fjoråret. Nettaviser landet over publiserte nyhenda, men kortid skal vi reagere på det som faktisk står skrive?

Fem prosent auking er kanskje ikkje så mykje. Pengane minkar i verdi kvart år uansett. Men kva vil eigentleg disse fem prosentane utgjere? Og kanskje meir interessant, kva kunne den totale julehandelen utgjort i ein verdssamanheng?

I desember vil vi bruke 40 prosent meir pengar enn det vi brukar dei resterande månadene av året. Grovt regna vil vi derfor bruke nesten 14 milliardar kroner på julegåver til oss sjølv og andre. Dette er svimlande mykje pengar, og eg kjenner eg blir kvalm av tanken på kor mange kroner som vil forsvinne på unyttige ting i tida framover.

Eg kjenner eg blir kvalm av tanken på kor mange kroner som vil forsvinne på unyttige ting i tida framover.

Flyktninghjelpen sel alternative julegåver som kan hjelpe menneske som ikkje har det like godt som oss. Pengane går til menneske som er eller har vore på flukt. Ved å betale ein sum, gjer du ein god gåve til ein flyktning. Den personen som gåva var tiltenkt får eit kort der det står kva pengane gjekk til.

Om vi skal bruke dette som kalkulator og målereiskap, kan vi enkelt regne ut kva kjøpehysteriet, og dei fjorten milliardar kronene vi brukar ekstra i desember, vil sei i verdssamanheng.
Det kan for eksempel utgjere ein utdanningspakke for 16 millionar barn. Dette inkludert skulebøkar og skulemat i eit heilt år.
Vi kan gi ei geit kvar til 70 millionar menneske. Ei geit kan tyde starten på eit nytt liv for ein familie på flukt. Geiter gir mjølk, kjøtt og skinn. Julehandel kunne altså tyde starten på eit nytt og betre liv for 70 millionar menneske.
Pengesummen kan òg utgjere jordbruksreiskap til 28 millionar flyktningar som har vendt heim.  Med tilgang til ein liten jordlapp, såkorn og enkle reiskap kan ein familie klare å skaffe seg nok mat for å overleve.

Jula handlar for mange om nestekjærleik, om å vise familie og vener at ein set pris på dei. Det er bra å vise at vi bryr oss, men kan vi gjere det på ein litt billigare måte?
Det er noko urealistisk å tru at heile Noregs befolkning skal kutte ut julehandelen til fordel for flyktningar og andre som treng pengar meir enn kva vi treng ein heil haug med ting og kle som vi aldri ville kjøpt elles. Innpakka i kilovis på kilovis med pynteleg julepapir, som går rett i søpla eller i vedomnen.

Likevel vonar eg at vi kan tenkje over dette når vi drar fram visakortet for å glede dei rundt oss. For er det eigentleg dyre gåver og fråtsing i mat som gir oss ein lukkeleg julefeiring?

Ein ven sa: “No er eg så lei av dette handlehysteriet i jula, at eg trur eg må feire jul i skauen”.

Ein er nøydd til å reise langt vekk for å bli akseptert som ein som ikkje vil vere med på fråtsinga

Dette var eit drastisk tiltak tenkte eg. Men eg ser poenget. Ein er nøydd til å reise langt vekk for å bli akseptert som ein som ikkje vil vere med på fråtsinga i pengar og julehandel. Syden tenkjer nokon. Men då er litt av poenget vekke. Nordmenn brukar nemleg over ein milliard kroner på ferieturar i juletida.

Kjelder:

HSH
Flyktninghjelpen -gaver med mening