Sørnett

Har fått mykje rosa merksemd

- Årets aksjon har gått veldig bra og vi har innfridd måla på landsbasis, seier aksjonsleiar for Rosa sløyfe i Agder, Trude N. Omland.

Publisert:

I helga vart årets Rosa Sløyfe-aksjon avslutta. Denne har vart sidan 1. oktober og er ein internasjonal røyrsle for å nedkjempe brystkreft og skape merksemd rundt brystkreftsaken.
Dette er tiande året Rosa sløyfe vert markert i Noreg og aksjonen er eit samarbeid mellom Kreftforeninga og Foreninga for brystkreftopererte (FFB).

Turid Omland viser fram effekten frå aksjonen.  FOTO: Svein Rune Kjøllesdal
Turid Omland viser fram effekten frå aksjonen. FOTO: Svein Rune Kjøllesdal
- Vi har nådd måla vi sette oss foran aksjonen og eg tykkjer det har gått veldig bra, seier Omland til Sørnett.

Viktig å få merksemd
Trude Omland fortel at dei hadde to mål med årets aksjon, dei skulle samle inn pengar og spre kunnskap.

- Vi er avhengige av å få samla inn pengar, desse midlane går til forskning og utvikling av behandlingsmetodar for brystkreft. Vidare må vi jobbe for å auke kunnskapane folk har til brystkreft. Det er viktig for oss å få sette fokus på brystkreft, sidan det rammar mange kvinner. Kvinner oppdagar dei fleste tilfeller av brystkreft sjølv, det er derfor viktig at vi kan lære folk korleis dei skal oppdage dette så tidleg som mogleg, fortel Omland. Ho seier vidare at dei har laga eit program for folk mellom 50 og 69 år, som gjer at dei skal regelmessig undersøkje seg sjølv og ha mamografi.

Gode samarbeidspartnar
Rosa sløyfe aksjonen 2009 har hatt fleire viktige samarbeidspartnera. Fleire dagligvare butikkar har hatt eit utval produkt der ein del av overskotet går til Rosa sløyfe.

- Vi skal ikkje legge skjul på at dei store summane kjeme frå sponsorar og samarbeidspartnarar, samtidig er det veldig kjekt når idrettsorganisasjonar som Kristiansand Vipers er villige til å stille opp for oss, seier Trude N. Omland og fortel at det er denne typen merksemd som gjer at dei kan seie seg nøgde med årets aksjon.