Sørnett

17. mai-opprydninga

Opprydninga for fullt i gang. Her med Terje Nystad og Trod Akselsen(f.v)
 Foto: Jakob Ulvund

Opprydninga for fullt i gang. Her med Terje Nystad og Trod Akselsen(f.v) Foto: Jakob Ulvund

Mange tenker ikkje over korleis byen ser ut etter høgtidsfeiringa. Dette er ein artikkel om dei som gjer byen like fin, som om ingen ting skulle skjedd.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.05.2024 kl 15:38

Langs heile Markensgate ligger det fullt av Mcdonalds Posar, ølflasker og mykje anna søppel og rot. Det neste du legg merke til om du skulle ha gått langs Markens i dag tidlig var larmen av fugler som kjempa om søppelet.

Duer, måker og kråker. Dei skriker og bråkar mens dei kjempar om smuler.

Ein godt eksempel på kor overfylte dei aller fleste søppelbøttene rundt om i sentrum var etter 17. mai
 Foto: Jakob Ulvund

Ein godt eksempel på kor overfylte dei aller fleste søppelbøttene rundt om i sentrum var etter 17. mai Foto: Jakob Ulvund

- I år har det egentlig vert unormalt lite søppel.

Dette fortel Trond Aslaksen. Han er blant dei som jobbar med opprydninga av søppel i Kristiansand sentrum. Sjølv jobbar han på søppelbil.

- Vi tømte mange av søppeldunkene i sentrum mellom barnetoget og vaksentogen. Dette har nok hatt ei positiv effekt og gjort at det ikkje vart so stappfult i dag, fortel Terje Nydal, som jobbar på søppelbil saman med Aslaksen.

Ein vekter som ynskjer å forbli namnlaus fortel også at det har vert ei relativt rolig natt sikkerhetsmessig.

- For oss sekuritasser har det vært en relativt rolig dag. Ikkje noko utanom det vanlige.

Her er kommuna nettopp ferdige med å fjerne skiltinga som var sett opp i anledning 17.mai.
 Foto: Jakob Ulvund

Her er kommuna nettopp ferdige med å fjerne skiltinga som var sett opp i anledning 17.mai. Foto: Jakob Ulvund

Sørnett fekk også ein kommentar frå kommuna, mens dei dreiv å plukka opp skilt som hadde blitt sett opp i anledning gårsdagens feiring.

- Så klart er det jo ein del jobb. Men vi er såppass innøvde at det går ganske fort å få rydda opp uansett, fortel kommunearbeider Lars Slåen.

I påvirka tilstand er det ikkje vanskelig å forestille seg at resirkulering ikkje er ein så stor prioritet. Det er derimot ikkje berre for folk som drikker dette gjelder. Kanskje gløymer folk kvar dei har satt glaset sitt, kanskje bryr dei seg ikkje, kanskje er det hastverk involvert.

Poenget er at det er mange grunnar til at folk sløser og rotar, spesielt på ein dag som 17. mai. Dette er derimot ikkje noko problem for erfarne og rutinerte opprydningsmanskap som står opp grytidlig for å gjere byen fin att.

Her er kommuna allerede klokka 05.00 i gang med opprydninga
 Foto: Jakob Ulvund

Her er kommuna allerede klokka 05.00 i gang med opprydninga Foto: Jakob Ulvund

Nøkkelord