Klargjør siden...
Sørnett

Eventyret held fram, slo Larvik for andre gong på rad

Backrekka tok ut Tine Stange og Kristine Breistøl i andre omgang. F.v. Jeanette Kristiansen, Tonje Refsnes og Kari Brattset. Foto: Andreas Hopen

Backrekka tok ut Tine Stange og Kristine Breistøl i andre omgang. F.v. Jeanette Kristiansen, Tonje Refsnes og Kari Brattset. Foto: Andreas Hopen

For fyrste gong på nærare tolv år var det eit reellt scenario at Larvik kunne tape ein finale, og med eit optimistisk og fullsatt Aquarama fortsette Vipersjentene sesongens triumfferd.

Publisert:

Larvik har ikkje tapt ein cupfinale sidan 2005, men laget har heller ikkje vore meir svekka enn dei er i år. Borte mot Vipers stilte Tor Oddvar Moens mannskap utan Amanda Kurtovic og burvoktar Sandra Toft, og med eit ferskt tap mot nettopp Vipers friskt i minne.

Les også: No er Vipers klar til å hevde seg

Larvik starta oppgjeret best og fekk ei seksmålsleiing tidleg i oppgjeret, men Vipers greidde å halde seg inne til pause, og låg berre under 12-17. I pausen gjorde dei forandringa som vippa kampen tilbake i deira favør.

- Breistøl og Stange fekk ta alt for mange skot, då måtte vi gjere nokre enkle justeringar i pausen, og det fungerte, seier Kenneth Gabrielsen etter kampslutt.

Vipers vart det førande laget gjennom heile andre omgangen, og med to minutt igjen låg Larvik tre mål bak vertane. Med femten sekund igjen på klokka tok Gabrielsen time-out på stillinga 31-30, med vissheit om at han hadde slått Larvik på ny. Publikum reiste seg i time-outen for å hylle jentene sine, og Aquarama dirra då sluttsignalet gjekk, og spelarane kunne sleppe jubelen laus.

Du slår ikkje Larvik utan at heile laget levera, og det gjere dei i dag.

[img162705_2LM]

Lovprisar Refsnes

Til tross for at ho slapp inn 30 mål, så leverte Sakura Hauge nok ein god kamp i Vipersmålet, og vart nok ein gong kåra til dagens Vipersspelar, men den prisen må ho dele med ein spelar til. For i fråværet av Marta Tomac storspelte Tonje Refsnes, og det gjekk ikkje upåakta hen hos trenar Gabrielsen.

- Du slår ikkje Larvik utan at heile laget levera, og det gjere jentene i dag. Sjå på Refsnes i midten der, måten ho spelar ut til Jeanett Kristiansen og til Sulland. Vi prøvde ut Tomac før oppgjeret, men det var ikkje sjans. Då er det utruleg å sjå at Tonje (Refsnes) kjem inn og levera sån som ho gjere, Heilt suverent, fortel Gabrielsen.

Aktiv på sidelinja

Samtidig tar vi ut backrekka til Larvik defensivt i den andre omgangen. Dei har over tusen landskampar til saman, det er enormt, det er til og med delegaten her einig i, seier Gabrielsen smilande samtidig som delegaten til Noregs Handballforbund kjem med kamprapporten for signatur. Diskusjonen fortsette mellom dei to, med ein meir spøkefull tone enn tidlegare. For Gabrielsen vart opptil fleire gonger irettesett av både delegat og dommarar. Siste gongen var då Gabrielsen snudde seg til publikum og prøvde å få i gong enda meir trøkk:

- Det er heilt sjuk trøkk her i dag, ikkje berre blant publikum, som er fantastiske, men óg blant spelarane. Du ser det i kvar duell. Dei vil verkeleg det her, og det er godt å sjå som trenar, held trenaren fram.

Les også: Det vart eit tårevått farvell med Aquarama

[img162705_3LM]

Skal nyte det

Returoppgjeret skal spelast i Boligmappa Arena i Larvik førstkomande søndag, men den kampen tenker ikkje Gabrielsen på enda, seier han sjølv.

- No skal vi berre nyte det her. Det er viktig å ta det innover seg før ein går vidare. Vi har nådd måla våre allereie, gjentek Gabrielsen, som avviser at dei spelar utan press.

- Du kjenner presset når du spelar foran eit fullsatt Aquarama. Du har lyst at dei skal få valuta for pengane sine, og så legg vi eit press på oss sjølve. Jentene vil lykkast, og vi på benken vil alltid lykkast. Så det er nok av press, men det er deilig. Det er derfor vi driv på med det her, avsluttar Gabrielsen.