Sørnett

Høgt utdanna innvandrarar nedst i søknadsbunken

Global framtid: Siri Mathiesen er regiondirektør i NHO som er ein av aktørane bak Global Future. Foto: Privat

Global framtid: Siri Mathiesen er regiondirektør i NHO som er ein av aktørane bak Global Future. Foto: Privat

Høgt utdanna innvandrarar slit på jobbmarknaden i Kristiansand.

Publisert:

[caption id="attachment_36151" align="aligncenter" width="500" caption="Gir råd: Olav Høgetveit i NAV Into tilbyr rådgjeving og kurs for å hjelpe arbeidslause innvandrarar. Foto: Helene Reite"]

Gir råd: Olav Høgetveit i NAV Into tilbyr rådgjeving og kurs for å hjelpe arbeidslause innvandrarar. Foto: Helene Reite[/caption]

36 prosent av dei arbeidsledige i Kristiansand kommune har innvandrarbakgrunn. Sørnett har snakka med fleire av dei som jobbar med å få innvandrarar ut i jobb. Dei er einige om at arbeidsmarknaden i Kristiansand er lukka.

Afrikanarar slit mest

- Arbeidsløysa er tre gongar høgare hjå dei frå Afrika enn andre med innvandrarbakgrunn, seier Olav Høgetveit.

Han er er avdelingsleiar for NAV Intro, eit kompetansesenter for arbeidssøkjarar med innvandrarbakgrunn.

- Om dei får jobb så har dei likevel lett for å miste den, grunna lite kompetanse og erfaring, seier han.

NAV Intro tilbyr difor blant anna modular innan ulike fagutdanningar.

Siri Mathiesen er regiondirektør i NHO Vest-Agder, som var med å starte opp Global Future i 2007.

- Er du ”svart mann frå Afrika” minkar diverre sjansen for jobb. Kulturen dei bærer med seg er ein ressurs, og vi går difor glipp av mykje kompetanse, seier Mathiesen.

Kommunen kan ha feila

 Edward Jada frå Uganda har søkt utallege jobbar i Kristiansand kommune utan å bli kalla inn til intervju.

Les meir om Edward Jada

Kristiansand kommune har eit eige tilsetjingsreglementet for rekruttering av innvandrarar. Regelen seier blant anna at kvalifiserte innvandrarar alltid skal kallast inn til intervju. Dei treng ikkje vere best. Det er nok at dei er kvalifiserte.

- Viss han har søkt stillingar i kommunen der han har relevant kompetanse, så skulle han etter våre retningsliner heilt klart vorte innkalla til intervju, seier Toril Hogstad, rådgjevar i Kristiansand kommune.

Ho ønskjer ikkje å spekulere i kvifor han aldri var kalla inn.

-Vi er ein organisasjon på meir enn 6000 tilsette og med fleire hundre leiarar som har myndigheit til å rekruttere sitt personale, seier Hogstad.

Ho trur det kan vere fleire grunnar til denne feilen.

- Enten har kompetansen ikkje vorte sett på som relevant for den aktuelle jobben, eller så har tilsetjingsutvalget ikkje hatt god nok kunnskap om våre interne reglar, avsluttar ho.

 

 

[img36121_2RM]

Høgt utdanna minst sjanse

- Kristiansand er ein industriby. Difor er det få jobbar tilpassa dei med høg utdanning. Dette går hardast utover dei med innvandrarbakgrunn, seier Astrid Melissa Jocelyn frå Kristiansand SV.

- Sjølv om vi til og med har fått eit internasjonalt utdanningssystem, må ein framleis gjennom ei lang papirmølle for å få utanlandsk utdanning godkjent, seier Jocelyn.

Les om Stanko Markotic som møter barrierer på arbeidsmarknaden

Møter veggen

Jocelyn trur det fins diskriminerande haldningar blant arbeidsgivarar i Kristiansand.

- Integreringa må vere ein tovegsprosess. Arbeidsgjevarane må møte innvandrarane på midten og åpne dørene, seier Jocelyn.

- Arbeidsgivarar og fagforeningar skaper unødvendige barrierer grunna religion, kultur, språk og frykt for at det kan bli ei belastning å ha dei der, seier Høgetveit.

Han er ofte i kontakt med arbeidsgivarar for å tilråde sine brukarar, og trur fleire vil få augene opp for utanlandsk arbeidskraft etterkvart.

Les om den fleirkulturelle bedrifta Hennig-Olsen is

 

Kommunen er ikkje der dei ønskjer å vere

- Kommunen er dårlege på å rekruttere innvandrarar til høgare stillingar. Rekrutteringsplanar vert ikkje følgde opp, seier Høgetveit.

I tilsetjingreglane til Kristiansand kommune står det blant anna at samansetjinga av kommunen sine medarbeidarar skal gjenspegle mangfaldet i folket. Det har ikkje vore oppteljing på kor mange med innvandrarbakgrunn som er tilsette i høgare stillingar.

- Vi i kommunen er enno ikkje der vi vil vere, men eg trur vi vil komme dit, seier Hogstad.

Ho seier seg einig i at det muligens rår motstand og fordommar.

- Men vi har ein handlingsplan med ulike tiltak for å rekruttere fleire tilsette med innvandrarbakgrunn, avsluttar ho.

Solidarisk fasade

- Nokre meiner faktisk at innvandrarar har det for godt i velferdsstaten Noreg, seier Jocelyn.

Men ho trur ikkje det er tilfelle i Kristiansand.

- Fasaden er solidarisk og åpen, men sanninga er annleis. Folk er lukka og redde for det framande. Ingen statistikk kan bevise dette, men empirien taler for seg, avsluttar politikaren.

[sniplet faktaboks]