Klargjør siden...
Sørnett

Studentar med norsk som andrespråk slit på universitetet.

Illustrasjonsbilete
 Foto: Madeleine Hamn

Illustrasjonsbilete Foto: Madeleine Hamn

Fleire studentar i høgare utdanning opplever vanskar med språket. Ved universitetet i Agder har dei eit tilbod, for å forsøke å betre dette.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.02.2024 kl 11:33

Mange studentar med norsk som andrespråk syns at det er vanskeleg å tolke oppgåver. I tillegg kan dei ha vanskar med å formidle det dei meiner. Det er berre ein brøkdel av utfordringa som denne gruppa står overfor, seier Marie Nilsen, som er språkvegleiar på skrivestua på universitetet i Agder.

I følgje universitetets eigne heimesider er skrivestua eit såkalla drop-in tilbod i akademisk skriving for studentar og ansatte på skulen. Nilsen brukar arbeidskvardagen til å hjelpe studentar med tekstskriving, samt hjelp til tolking av innhaldet.

Språkvegleiarane på UIA
 Foto: Jan Arve Olsen

Språkvegleiarane på UIA Foto: Jan Arve Olsen

Enorm informasjonsflyt

Nokon av dei som besøker skrivestua, er studentar som har norsk som andrespråk. Årsakane til dette er mange, men som regel kan behovet handle om
grammatiske feil, og informasjonsflyt. Seier ho

Skrivestua ved universitetet i Agder er eit populært tilbod i akademisk skriving, for studentar og ansatte.
 Foto: Madeleine Hamn

Skrivestua ved universitetet i Agder er eit populært tilbod i akademisk skriving, for studentar og ansatte. Foto: Madeleine Hamn

-Ved studiestart er det ein enorm informasjonsflyt. Berre det å kunne navigere seg på eit bibliotek, eller å forstå kva kjeldeføring er, skapar eit stort hovudbry. Når dei allereie blir henganes bakpå, ballar det på seg veldig fort, og skapar vanskar for resten av studieløpet.

Til hjelp for studentar med minoritetsbakgrunn.
 Foto: Madeleine Hamn

Til hjelp for studentar med minoritetsbakgrunn. Foto: Madeleine Hamn

Havnar på utsida

-Fleire havnar også på utsida av arbeidslivet, fordi at dei ikkje kan norsk tilstrekkeleg. Mange av desse studentane får dårleg sjølvtillit av det her, noko som eg syns er veldig trist. Derfor meiner eg at det burde vore eit apparat, som ga dei litt ekstra hjelp. Så då kvilar det eit større ansvar på medstudentane, og at dei støtter om kvarandre.

Rektor ved universitetet, Sunniva Whittaker, meiner at det burde være eit apparat, som fangar opp studentane, før dei startar å studere.

Behov for hjelp

-Studentane burde ha fått meir hjelp før dei byrjar på universitetet. På den måten kan dei stille på lik linje med dei andre studentane. Det er jo klart at det er frykteleg vanskeleg å lukkast som student når man ikkje meistrar språket heilt da, seier ho.

Rektor ved universitetet i Agder, Sunniva Whittaker.
 Foto: Madeleine Hamn

Rektor ved universitetet i Agder, Sunniva Whittaker. Foto: Madeleine Hamn

Ho meiner at språkkompetansen til innvandrarane må styrkast, slik at dei har moglegheit til å lukkast med utdanninga si, eller i arbeidslivet.
Talet på flyktningar som kjem til Noreg aukar stadig, noko som medfører at problemet vil bli større. Ho meiner det også er trist både for enkeltpersonar, samt at det vil påverke samfunnsøkonomien i samfunnet i negativ retning.

-Krigen i Ukraina kjem jo til å vare lenge. Samtidig ser vi andre områder i verda med geopolitisk uro. Så sannsynligheita for at det vil bli fleire flyktningar framover, er jo ganske stor. Når vi først tek dei i mot, har man også ei plikt til å sørgje for at man kan lukkast som aktive deltakarar i det norske samfunnet. Og då er språk nøkkelen!

Språklege rollemodellar

-Dersom vi skal lukkast framover, treng vi fleire språklege rollemodellar. Det er mange frivillige organisasjonar og språkkafear som gjer ein kjempejobb. I tillegg til skrivestua, som gjer ein formidabel jobb med språkhjelp. Slik blir det også lettare å lukkast.