Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Smykker sperrer ofte opp augene til dei som vil stjele
Det har blitt ein økning i nasking den siste tida. Leier ved securitas i Agder, Arild Olsen, seier at det har aldri vore så mykje nasking som no.
Lisa Terøy
Publisert: 20.10.2009 kl 08:53
- Det er ikkje nokon aldersgruppe som er verre enn den andre. Alle aldersgrupper er like gale når det gjeld nasking, seier Olsen.
Han nemner også at prosedyren for nasking er som oftast den same.
- Du har ein liten gjeng som kjem inn i ein butikk. Nokre av dei forstyrrar betjeninga , mens resten stjel med seg ting, seier Olsen.
Heilt opp i 88 år
Jorunn, ein av vektarane i markens, går sin daglege runde. Ho bistår butikkane slik at dei klarer å fange opp dei som stjel. Ho har hatt personer heilt opp i 88 år som har naska med seg ting.
[img4561_2RS]
- Eg har merka at folk stjel meir no til dags, og dei tek med seg i større mengder enn før, seier Jorunn.
Jounn seier det er ikkje mykje som overaskar henne lenger.
- Det har hendt at eg har måtte ha sprunge etter nokon, men vi har fort nådd tak i dei. Visst ikkje har vi politet som hjelper oss til å få tak i den eller dei som har stjelt, seier ho.
Butikkane sine tiltak
Det går hardt utover butikknæringa, men Torgeir Bjørnaraa ved Bjørklund Gullsmed er ein av dei som tek forhandsreglar.
- Alt av smykker og slikt er innelåst i skap, men det har vore tilfelle der eit par damer har fått med seg 7 ting mens vi var litt uoppservante, seier Bjørnaraa.
Hos Sonja Mbon ved Kappahl er det einaste som beskytter mot naskarane at det meste blir alarmert, og at ein ein til tider fylgjer med på kundane. Mbon har ikkje opplevd noko dramatisk , men trekk fram at ho har sprunge etter nokon som prøvde å få med seg noko.
- Eg sprang ut av butikken etter ein person som hadde teke med seg noko. Det er vel den einaste gongen eg verkeleg har huka tak i nokon som naska.