Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Jorann Abusland og Jorunn Larsen har innreda te-salongen med gjenbrukte møblar. Foto: Helene Reite
Jorann Abusland og Jorunn Larsen ser potensiale i det andre ville kasta. På te-salongen “Om igjen” i Kristian fjerdes gate lagar dei nye ting utav gamle materiale.
Helene Reite
Publisert: 25.01.2011 kl 11:05
Kjolar av gamle ulltepper, vesker av hageslangar, lampar av yogurt-kartongar, smykker, slips, t-skjorter med trykk og lysestakar med blå billakk, er berre noko av det du finn på “Om igjen”. Mykje har dei lagd sjølv, men får dei også hjelp av 30 andre lokale designarar.
Varm te og varm velkomst
Vi har også spesialisert oss på te og har eit stort utval, seier Abusland. Ho er nøgd med responsen frå sørlendingane så langt. Sidan dei starta i November har det stadig komt folk innom som har vist stor begeistring for den nye te-salongen.
[img29018_2RM]
Kurs
På “Om igjen” tilbyr dei også kurs. I byrjinga av Mars skal dei ha kurs i “Circuit bending”. – Akkurat det er kanskje litt nerdete, ler Abusland. – Kort forklart betyr det å omskape elektroniske leiketøy med innebygde lydfunksjonar. Vi byttar på knappane og får dei til å gi frå seg nye lydar. I staden for å heile tida kjøpe nye leikar kan ein gjere noko med det ein har frå før, forklarer Abusland. – Vi har også hatt gjenbrukskurs for den kulturelle skolesekken, legg Larsen til.
Miljøvern som drivkraft
[img29018_3RS]
- Vi gjer først og fremst fordi det er kjekt. Eg vert stadig positivt overraska over kva gamle materiale kan bli brukt til, og det er kjekt å sjå kor langt ein kan gå, seier Larsen. Ho legg til at det er mykje bruk og kast i vårt samfunn og fortel at det også ligg eit idealistisk motiv bak ideen. – Miljøbevisstheten er heilt klart ei drivkraft bak dette, seier ho.
Dei trur begge at gjenbruk vil bli meir og meir populært i tida framover. - Ein ser det spesielt i dei store byane, men også her i Kristiansand. Folk er meir bevisste enn før og interessa for gjenbruk veks, seier Larsen. Ho ser lyst på framtida til “Om igjen”.