Sørnett

Vil bevare småsalamandrane

Naturfagslærar Asgeir Klokk på Karuss skule trur kunnskap om småsalamandrane vil sikre bestanden på sikt. (Foto: Helene Reite).

Naturfagslærar Asgeir Klokk på Karuss skule trur kunnskap om småsalamandrane vil sikre bestanden på sikt. (Foto: Helene Reite).

7. klassingar på Karruss skule har utrydningstrua småsalamandrar som naturfagsprosjekt.

Publisert:

Eit fly av papir flyr mellom radene på naturfagrommet på Karuss skule. Ei gruppe på elleve gutar trippar på stolane, pratar og ler, medan dei ventar på nærmare informasjon frå naturfaglærar Asgeir Klokk. Snart skal dei besøke småsalamandrane i Karusstjønn like ved skulen.

Forskarspirar

- Kunnskap vil gjere barn engasjert i å bevare småsalamanderen. Barn er nemlig opptekne av enkle smådyr, seier naturfaglæraren.

Karusstjønn har ein bestand av den utrydningstrua småsalamanderen. Dammen vert no mindre og mindre, men det er grenser for kva sjuandeklassingane kan få gjort med det.

- Grunna rykter om eksplosivar under dammen er det ulovleg å grave i dette området, fortel naturfaglæraren.

Klokk trur likevel kunnskap hos dei små vil skape engasjement, og på sikt sikre gode levekår for salamanderen.

- Dette naturfagprosjektet er ein del av kompetansemålet “Mangfald i naturen og forskarspiren”, seier læraren.

Dei elleve forskarspirane sit stille medan Klokk snakkar om fotosyntese, algar, sukker og næringskjeder.

- No skal vi gå ned og ta prøver av vatnet, seier han og finn fram baljar, små glas, hov, lakmuspapir og eit instrument som måler surheitsgrad.

[img46710_2RM]

Folkesky skapning

- Den første salamanderen vart observert for femten år sidan. Då vart det bygd ein tunell slik at den skulle kome seg over vegen utan å bli drepen av bilar, fortel Klokk.

Sjølv har han aldri sett salamander i tjønna.

-  Fleire av elevane, lærarane og foreldra har sett salamandrar her. Men vi har enno til gode å finne nokon i naturfagstimane mine, seier han.

Salamanderdammen, som den heiter på folkemunne, er no omringa av elleve skuleelevar. Anders Sætvadet (12) har sett ein småsalamander her.

- Eg fant den på vegen her. Eg tok den med heim, men den rømte, fortel han.

Foreløpig er det berre svarte biller og andre småkryp i dei oransje hovane.

Håvard Nygård Nese (11) kastar hoven uti igjen og igjen, foreløpig utan resultat.

- Det er spennande å fiske ting opp frå vatnet. Eg finn ikkje salamander, men eg fekk eit anna dyr som er beige, svart og med tre fjær på halen. Eg veit ikkje heilt kva det er, seier han.

Sjølv har han aldri sett salamander her, men har høyrt om mange som har gjort det.

- Eg har fanga mange på stranda i Hellas. Det kiler når du held dei i handa, seier han.

Det er ikkje berre lett å fange dei.

- Dei spring så fort på dei små beina sine, seier Nygård Nese.

Han har eit høgt ønskje om å finne ein salamander i dammen på Karuss.

- Det hadde vore kjekt å vist til dei andre, men det er viktig å legge dei tilbake der du fant den, seier han.

[img46710_3RM]

Grønt flagg

- Eg har vorte oppteken av småsalamanderen sjølv, seier Klokk.

Prosjektet er også ein del av fokuset på miljøvern på Karuss skule. I gangen heng eit grønt flagg, som vitnar om at skulen er miljøsertifisert.

- Vi måtte utarbeide to miljøprosjekt for å få eit miljøsertifikat på skulen vår. Det å ta vare på salamanderdammen er ein del av dette, fortel Klokk.

Snart er timen over, men først skal sjuandeklassen undersøke funna. Klokk finn fram mikroskop og ein stor plakat som han legg på golvet. På plakaten står det “bestemmelsesnøkkel for smådyr i og ved ferskvann”.

- No ser eg halen og auga. Sjå korleis den sym, seier Nygård Nese og pirkar borti det uforståelege dyret med ein pinsett.

Han ser på kartet over smådyr, men finn ikkje ut kva den heiter. Det vart ingen salamanderfangst i dag heller.

[imagebrowser id=226]

[sniplet faktaboks]