Klargjør siden...
Sørnett

Tel ned timane

Torsdag opnar Sørlandssenteret 57 nye butikkar og blir Nordens største kjøpesenter.

Publisert:

— Vi ønskjer å ha det aller beste på Sørlandssenteret, og spesielt internasjonale butikkar og restaurantar som ikkje er på Sørlandet frå før av, seier Ruben Storevold, senterleiar for Sørlandssenteret.

Sørlandssenteret vil bestå av 195 butikkar, der 60 av desse er nye. Torsdag opnar 57 butikkar, medan dei tre siste skal opne i løpet av november. Med dette vil senteret vere Nordens største senter i areal på 172 000 kvadratmeter.

Blanding mellom dyrt og billeg
Storevold fortel at Sørlandssenteret har fokus på internasjonale motebutikkar, store restaurantar og å forsterke fokuset på sport. Med 12. 000 kvadratmeter med sportbutikkar vil Sørlandssenteret vere staden der det blir selt mest sportutstyr på ein stad I Noreg.

—     ­Det er stor interesse for designerbutikkar, og forbrukarane er meir bevisste på merkevarer no enn tidlegare. Derfor har vi satsa på både dyre og litt rimelegare butikkar.

Senterleiaren legg til at Høyer, som er ein fashionbutikk for damer og herrer som er kjend for luksus og kvalitet, opnar ein flaggskipsbutikk på 1000 kvadratmeter på senteret. I tillegg vil kjedebutikken Mango også få 1000 kvadratmeter og blir dermed den største Mangobutikken i Noreg.

—     Vi er veldig stolte av dette, og det er stas at butikkane vel å ha flaggskipsbutikk på Sørlandssenteret, fortel Storevold.

Den internasjonale butikken New Yorker får 1200 kvadratmeter på over to etasjer på Sørlandssenteret. I løpet av få år har New Yorker utvikla seg til å bli ein av dei største motebutikkane i Europa.

Inspirert av storbyane

Det er ikkje bare mote Sørlandssenteret satsar på. Ifølgje Storevold satsar dei også stort på restaurantar. Noko dei satsar ekstra på er serveringskonseptet mange kjenner frå internasjonale flyplassar og kjøpesenter rundt om i verda, «foodcourt». Konseptet går ut på at ulike restaurantar er samla rundt eit felles sitteområde.

­ — Mange spennande spisestadar som er inspirert av byar som New York og London er noko av det vi er mest fornøgd med, seier Storevold.

Skjerpa konkurranse

Harald Andersen, dagleg leiar for Kvadraturen, trur at konkurransebiletet blir enda meir skjerpa, men fortel at han kryssar fingrane for at det ikkje slår negativt ut for byen.

—     Eg trur at det kjem til å bli mest intern konkurranse innad i Sørlandsparken, seier han.

Utvidinga og det skjerpa konkurransebiletet er noko Andersen har jobba med i fleire år.

—     Vi har retta fokuset mot opplevingar i bysentrumet. Konsepta «Sommerbyen» og «Julebyen» er gode eksempel på korleis Kvadraturen differensierer seg bort i frå det «kunstige plastikkmiljøet» i Sørlandssenteret, fortel han.

Mange like butikkar
Det er ikkje berre Sørlandssenteret som har fått nye butikkar. I Kvadraturen har det også kome ein del endringar i 2013. Nyetableringar som blant anna Høyer, H&M herre, H&M home og Godtland, som er ein av dei største godtebutikkane i Noreg.

—     Vi er sterkast på tradisjonell «posehandling» innan mote. Per år 2012 var vi tre gongar større enn Sørlandssenteret på både kle og sko, seier dagleg leiar for Kvadraturen.

Men mange av desse butikkane skal også kome til Sørlandssenteret, mange i større areal.

—     Det er klart det blir ein meir pressa konkurransesituasjon i regionen rundt Kristiansand. Det er utan tvil ei overetablering innanfor detaljhandelen, og vi er spent på situasjonen framover, avsluttar Andersen.